Tidemands «Haugianerne»
Adolph Tidemand (1814–1876): «Haugianerne», 1848 (utsnitt).
Adolph Tidemand (1814–1876): «Haugianerne», 1848 (utsnitt).
I 1848 måla Adolph Tidemand «Haugianerne». Biletet framstiller eit haugiansk møte, og det er ikkje eit møte for å frelse nokon; dei som er med på biletet, eller det som kunne ha vore eit møte blant haugianarar, kjenner bodskapen til Hauge, om det å vere ein god lutheranar og ein god og ærleg arbeidskar, og det er denne samanblandinga av pengar og truskap til Kristus som i mine auge er hans store gjerning og det heilt kontradiktoriske med dei katolske fransiskanarane som ikkje ville eige noko sidan Kristus ikkje hadde nåla i veggen.
Hauge er ein forsiktig puritanarar, som ikkje er oppteken av stor rikdom, berre betre fordelt, tenkjer eg, og at bøndene tek vare på kvarandre i ei hard tid; eg tenkjer også på om ikkje dette måleriet er eit døme på noko meir enn eit møte med stoiske haugianarar, og om eg skulle vere freidig og litt frimodig, så vil eg seie at dette er eit måleri av den nye og veksande middelklassen.
Dette måleriet blei måla i Düsseldorf, og i måleriet er det eit møte i ei fattigsleg årestove med steingolv, peis og eit grovt tregolv som rammar inn steingolvet, og eit flott ljos som kjem frå luka i taket; dei som er på møtet, dei tyske modellane, sit på enkle møblar, og den taleføre haugianaren står på ein krakk i ljoset frå det opne taket, og dei som høyrer på, er pent kledde i bunad, falske eller utlånte til dei som er modellar for Tidemand, og mange utan bunad, men dei er ikkje i arbeidsklede.
Ei vaksen kvinne sit i bunad på ein benk saman med ei anna kvinne, snarare ei jente, og ho ber med bøyg nakke, som om ho er i ei mektig krise; ved enden av benken sit det ein gut, og det verkar som om han kviler ryggen mot den vakse kvinna i bunad, eller han søv, under føtene hans er det eit par sko, ikkje vandresko, meir som innesko, og ved sida av desse skoa er det ein ryggsekk, ikkje ein vanleg ryggsekk sett med våre auge, det er ein stor lêrsekk med tre belte for å lukke sekken, og ved sida av sekken ein vandrekjepp, og eg tenkjer på Moses og hans kjepp som blei til ein slange; skoparet inntil sekken er støvete, men det verkar som dei er innesko, og dei ser ut som to venstresko, ettersom det ikkje er skilnad på den høgre og den venstre skoen, men eg er usikker, og eg veit at det var på 1700-talet skomakarane tok til å laga sko for den høgre foten og den venstre, men eg anar jo ikkje om dei tyske modellane brukte sko som var ulike; dei støvete skoa ser ut som innesko, som om den nye middelklassen ikkje skulle bruke grove utesko; dei er ikkje berre bønder, dei er bønder med stil, og for å komme med ei blødme: dei skil ikkje mellom venstresko og høgresko.
Berre ved å granske skoa til han som talar, ser ein at det ikkje er nokon forskjell på den høgre skoen og den til venstre, og ho som sit i bunad på benken, inntil guten, og den jenta som ber så inderleg, ho har på seg heimestrikka sokkar i ull, og dei er strikka i fleire fargar, som om ho vil vise seg fram, eller for ikkje å fryse på føtene, og for alt eg veit, er dette borna hennar, og ho er kanskje enkje og ute etter å få seg ein mann, ettersom på måleriet er det ein mann som ser ut som han glanar på henne, og som er meir oppteken av henne enn av det som blir sagt på møtet.
Mannen på krakken held i ei bok, og det ser ut som ein bibel, om ikkje ein av Hauges mange bøker; mannen som glanar på ho i bunad med dei heimestrikka ullsokkane, ser på ho med eit stivt blikk og har armane i kross over bringa; han er ikkje åleine; ein sit med andletet i hendene sine og verkar oppgitt eller trøytt, til høgre er det ein ung mann, og det verkar som han vil seie noko, han ser på mannen på krakken og held noko i hendene, men det går ikkje an å sjå kva det er.
Heilt bak i årestova, og bak han med armane i kross over bringa, står det ein skikkelse som minner om jomfru Maria, Jesu mor, rett og slett, med skaut og eit spedbarn på armen, men dette er ikkje eit vekkingsmøte, det er meir som eit møte for dei som har vore her før og høyrt orda til Hauge, eller kven det no skulle vere; dette må vere «dei kuftekledde bøndene», for å sitere Petter Dass, for dette er ikkje filleproletariatet, og det er berre éi som verkar som ho er på randa av fortviling, og det er jenta som sit inntil den vakse og bunadskledde dama som han med armane over bringa glanar på; den unge jenta ligg med heile overkroppen over dei falda hendene; det er ikkje mange som ber her, og kva om den unge jenta ber om at ho i bunaden, som kanskje er mor hennar, skal få seg ein mann, så prosaisk er verda, både hos dei kristne og hos haugianaren, og kven veit kva anna som gjer oss til gode kristne og gode haugianarar enn kjærleiken.
Det er jo kallstanken til Hauge, arbeid og gudstru, anten som bonde eller som fabrikkeigar, dei som både var flinke med pengar og hadde gudstru, og sikkert kom frå ein god familie, og kva om møta til Hauge også var plassen for romantiske stemnemøte, for alle dei einsame og for alle enkjene og enkjemennene, men kvifor blei han ein stor trussel mot den norsk-danske staten; det var konventikkelplakaten frå 1741 han blei dømd for å ha opponert mot, så det var prestane han trakka på tærne ved å preike utan å vere utdanna prest, liksom den pågåande praktiske gjerninga hans, og han var god til å planleggje og fekk gjort mykje; bøkene hans kom ut i åtte bind, og han var flink til å få andre haugianarar til å kjøpe fabrikkar og til å bruke oppsparte midlar klokt, så kvifor fekk styresmaktene kalde føter av preikinga hans?
Er det dei «kuftekledde bøndene» som blir ein trussel, og kanskje dei er på veg mot å bli ein ny pent veksande middelklasse og ein trussel mot embetsmennene som sat med makta i Noreg og i Danmark; det var jo bøndene som begynte på 1800-talet og etter 1814 å gjere seg høyrlege på Stortinget, for det var der dei lærte seg å tale, om enn jærbu og forfattar Arne Garborg hata å tale, men så var han heller ikkje på Stortinget; i boka til Anders Johansen, Å komme til ordet. Politisk kommunikasjon 1814–1913, skriv han at det var der bøndene tok ordet og gjekk til krig mot embetsmennene; kva om det var Hauge som sette i gang bøndenes mot til å krige; eg må berre få komme med ein flott anekdote frå boka til Johansen, og det var at alle mennene på Eidsvoll i 1814 var opptekne og dreiv med amatørteater, kva seier det om det som gjekk føre seg på Eidsvoll i 1814: alt og ingenting.
Bak mannen på krakken er det eit møbel, det er ikkje godt å seie om det er til årestova eller noko anna; det stikk opp bak mannen på krakken som ei høg mørk søyle, og øvst er det noko som ser ut som ei utskoren klokke eller eit hjul, som kunne ha vore noko frå ein fabrikk; som om dette er ein kritikk av Hauges preiking, at han var for oppteken av jordisk gods, og over klokka eller hjulet er det ein slags krage, om ikkje ein brei og stutt vase, som om det skulle vere ei pengemaskin, liksom det som Luther var imot: pengar inn, og då skulle sjela komme til paradis eller skiringsheimen; eg har lese at det var ei oppfinning på slutten av 1200-talet at dei rike skulle til paradis, mens dei fattige skulle til helvetet, og kor skulle då handverkarane hamne, dei som skulle bli den nye middelklassen; dei skulle til skiringsheimen.
Ole Robert Sunde
Ole Robert Sunde er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Det er jo kallstanken til Hauge, arbeid og gudstru, anten som bonde eller som fabrikkeigar.