Essay
Etter koronapandemien
For å tenkje etter kva som kan komme etter koronapandemien og alt det som fekk verda til å trekkje pusten, tok eg og ei venninne ein tur til Maridalen, for ho visste om ein fin skogstur, og vi kunne vere i fred, som om turen var ei forlenging av heimekontoret mitt.
Eg er svært sjeldan i skogen, og der var det ei stor togn som var overraskande, berre avbroten av mange ivrige kjøttmeiser og fjerne ul frå Gjøvikbanen; det var ikkje eit vindblaff, og det lukta av bakken, mykje kvitveis, våt, mørk jord utanfor stien, og kvae frå furustammar, og det var uvant å gå med så mange røter som låg oppe i dagen – og tett i tett med visne furunåler og mange furukongler, blåbærlyng – ettersom eg berre er vand med å rusle i byen, og nettopp byen blei ein samtale mellom oss, og kva som ville komme til å hende i så snart pandemien var over.
Kva ville bli borte, og kva ville vi halde fram med å gjere, all den stund det verkar som vanane våre er like slitesterke som gena; og så begynte vi å diskutere den artikkelen som hadde stått i ei vekeavis der den franske forfattaren Michel Houellebecq meinte det var tull og tøys at «ingenting kommer til å bli som før», han meinte at det til og med ville bli verre: alt blir ved det same, berre mykje verre, men kva kan bli verre enn denne veldige stillstanden, pengane som forsvinn, og døden som herjar i det skjulte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.