Kunst
Femti års einsemd
I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.
Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB
Når Haustutstillinga opnar 11. september, på Kunstnernes Hus i Oslo, vil ikkje publikum få sjå Odd Nerdrums «Tre menn i båt», eit målarstykke i olje på 325 x 487 cm. Det er nesten identisk med biletet med same namn frå 1996, men kan òg sjåast som ein vidareføring av dette.
Det er særleg bakgrunnen som er ny. Ein båtshake er bytt ut med ei åre, ein av dei tre gamle mennene har fått ryggsekk på seg. Det vekkjer assosiasjonar til det livsvilkåret vi alle lever under, at ein gong er vi alle på «siste reis».
Ein skulle tru at både kunstverda og det vanlege publikumet ville ha interesse av eit bilete frå Nerdrum, som ikkje har vore representert på Haustutstillinga sidan 2012, då med drapsbiletet som vart knytt til 22. juli-massakren på Utøya. Men Nerdrums nye målarstykke får du ikkje sjå. Det vart refusert av juryen som vel ut deltakarane til utstillinga.
Juryen består av fem kunstnarar som alle arbeider innanfor den same såkalla modernistiske tradisjonen med velkjent og tradisjonelt nonfigurativt uttrykk, performance og liknande. Det er vanskeleg ikkje å tenkje at den gamle konflikten mellom Nerdrum og den modernistisk orienterte kunstverda har spela inn i valet til juryen.
Det kan vere grunn til å kaste eit blikk på korleis motsetninga mellom den norske kunstverda og ein kunstmålar som mange reknar som den viktigaste i samtida, starta. Det fyrste møtet kunstmålaren Odd Nerdrum hadde med den norske ålmenta, var på juniutstillinga i Kunstnerforbundet i 1964.
Ettersom kunstkritikarar i åra som fylgde meinte at Nerdrum måla «tradisjonelt», «sjablongaktig» og «teatralsk», for å nemne nokre av dei nedsetjande karakteristikkane som gjekk att, kan det vere grunn til å minne om at det tekniske talentet hans fyrst fekk full anerkjenning. Det var seinare, då ein oppfatta Nerdrum som ein fiende, at kritikarane tok til å klage over det tekniske nivået i bileta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.