Kultur

Filmen, sjåaren og tidsånda

Når du fyrst skal sjå ein film, kvifor ikkje sjå ein av verdas beste?

Publisert Sist oppdatert

Om eg verkar litt overlegen for tida, der eg går med rak rygg og nasen i sky, er det berre fordi eg har sett dei hundre beste filmane i verda.

Og då meiner eg ikkje oscarvinnarane frå førre helg, for det er ikkje nødvendigvis slik at oscarfilmane går inn i filmkanonen og vert hugsa og diskutert i årevis.

Nei, filmprosjektet mitt i fjor var å sjå The Greatest Films of All Time. Dette er ei anerkjent rangering det britiske magasinet Sight and Sound presenterer kvart tiande år, fyrste gong i 1952 og sist i 2022.

Lista for 2022 kom ikkje utan kontroversar, for den før så stabile rangeringa var no rista på. I 2012 var den store endringa at Alfred Hitchcocks Vertigo (1958) tok fyrsteplassen frå Orson Welles og Citizen Kane (1941), som hadde halde han i førti år. No var dei begge slegne av ein kvinneleg filmskapar, Chantal Akerman og Jeanne Dielman (1975), som på det høgste har lege på 36.-plass.

Filmregissør Paul Schrader er blant dei som har vore kritisk til den nye rangeringa, og kommenterte i eit intervju med nemnde Sight and Sound at her har ein pressa tommelen på vektskåla. Eitt er at talet på røysteføre auka dramatisk ved at andre enn filmkritikarar og regissørar slapp til. I 1952 avgjorde 63 filmkritikarar frå USA og ulike europeiske land kva som var dei beste filmane. I 2012 var det 846 som røysta fram lista, medan det i 2022 var rekordmange filmkjennarar og bransjefolk frå heile verda som hadde sitt å seia: 1639.

Noko anna er innhaldet. Inn og fram med kvinnelege regissørar og mangfald generelt, ut med tidlegare stordomar og kontroversielle menn spesielt, som Roman Polanski og D.W. Griffith. Sistnemnde var ein pioner innan filmforteljing, men er no best hugsa for The Birth of a Nation (1915), med klåre rasistiske tonar og Ku Klux Klan som heltar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement