Mat

Finaste finnbiffen

«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»

Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje vanskeleg å forstå kor namnet finnbiff kjem frå. Det er gamalt og velbrukt, og kanskje nokre tenkjer at det er diskriminerande. Sjølv har eg ikkje den erfaringa. Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.

I butikkane er det derimot ikkje lett å støyte på ordet finnbiff, der heiter det gjerne viltskav eller reinskav. Eg tykkjer finnbiff er eit betre ord, og det fortel vel helst namnet på sjølve retten.

Eg har òg late meg fortelje at folk på Nordkalotten sjeldan kjøper frose viltskav i butikken, fordi dei går ut frå at kjøtet som blir selt under den merkelappen, er mindreverdig. Eg veit ikkje. Eg har vitja til dømes Karasjok, der eg fekk smake den nordlege maten på sitt aller beste.

Eg var i eit bryllaup der eg saman med fire hundre gjester, stolt kledde i kuftene sine, paraderte gjennom heile byen. Eg blei trekt etter reinsdyr og køyrde snøscooter oppover den vinterfrosne elva. Vitjinga er verkeleg eit høgdepunkt i livet mitt, og eg oppdaga at det samiske folket har ein eventyrlig humor, med store mengder sjølvironi – som nok er det fremste provet på at ein eig humor.

Sjølv brukar eg gjerne mitt eige frosne reinkjøt om eg skal lage finnbiff. Når eg kjøper mine 10–15 kilo kvart år, får eg mange ulike stykningsdelar. Står det «Grytekjøt» på pakka, er det det eg vil nytte. Det er gjerne mindre delar av kjøt som du ikkje kan nytte til stort anna enn finnbiff. Men så godt det blir!

Har du slikt kjøt, skal du ta det ut av frysaren dagen før og tine det i kjøleskapet. Dagen etter skjer du det så tynt du berre kan, når det er halvfrose. Er kjøtet ferskt, må det frysast så pass at du får til å skjere det tynt. Du kan òg nytte det du har av hjort, rådyr eller elg, sjølv om villrein er sjølve kongen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement