Essay
Folket på Åknes
Den 10. mai 1900, då sceneteppet til eit nytt og lovnadsrikt hundreår opna seg, drog ein liten gut sitt fyrste andedrag på garden Nordjorda på Åknes sørvest på Andøya.
Vi er samla til song og underhaldning på lanen i 1978, men eg er for lita til å få vere med. Eg står ved sida av han far og ho mor, medan mamma Eli, tante Randi og onkel Per følgjer med på «scena».Vi er samla til song og underhaldning på lanen i 1978, men eg er for lita til å få vere med. Eg står ved sida av han far og ho mor, medan mamma Eli, tante Randi og onkel Per følgjer med på «scena».
Foto: Odd Mathis Hætta Foto: Odd Mathis Hætta
Hilberg Roll Rasmussen, son av Rasmus Johan Pedersen og Hanna Nikoline Korneliussen, vart fødd då Noreg var ein del av Sverige. Like over to millionar menneske budde i Noreg, av dei tre firedelar utanom byar.
Eg trur ikkje dei tenkte mykje på slikt den våren, men mest på at dei fekk skore og røysa torv til brensel, ført kyrne til utmarksbeita, sett potetene i jorda og skaffa klede til den vesle.
Odelsguten til Åknes
Det er slik namnet tyder på: Åknes er flatt åkerland mellom fjære, myrer og fjell. På det meste budde der 200 personar i fyrste halvdelen av 1900-talet, og dei hadde skule, butikk, postekspedisjon, molo og fiskemottak.
Hadde Rasmus og Hanna ei kjensle av at ei ny tid var i ferd med å byrje, då dei heldt sin fyrstefødde denne maidagen i 1900? Eit hundreår der Noreg skulle få sjølvstende, dei skulle oppleve både krig og uår, men òg ei uføreseieleg, galopperande teknologisk utvikling der maskiner erstatta det manuelle arbeidet utført av menneske og dyr, elektrisitet vart eit gode for alle, fiskebåtane vart motoriserte, plast erstatta treverk, stemmer og musikk strøymde ut av radioapparat, telefonar letna kontakten mellom folk og inn i kvar heim kom levande bilete med nyhende frå Noreg og verda, både forunderlege, forargelege, morosame, skremmande, om godheit og om vondskap.
No var det ikkje oldeforeldra mine som skulle kome til å sjå alt dette i si levetid, men Hilberg og Ragnhild, morfar og mormor, som vi i familien kallar han far og ho mor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.