Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

13783
20241213

Notre-Dame

Gotisk katedral

Eit av dei mest kjende landemerka i Paris

Eit viktig symbol på fransk historie og kultur

Bygd frå 1163–1345

Omfattande restaurering i fyrste halvdel av 1860-talet

Skadd i brann i 2019

Restaurert og gjenopna 7. desember i år

redaksjonen@dagogtid.no

Å kome inn i Notre-Dame no, for kven som helst som har vore gjest der tidlegare, er å få seg eit sjokk. Raskt tek ein til å lure på kva for ei verd som er den verkelege – den innanfor eller den utanfor?

Mange seier at Notre-Dame er vakrare no enn nokon gong, etter alt arbeidet som er gjort etter brannen 15. april 2019. Denne påstanden treffer dårleg. Det er rettare å seie at katedralen syner seg fram som ny for aller fyrste gong. Atterreisinga er såleis symbolsk, eit storverk i seg sjølv.

Kyrkja vart opphavleg bygd på 87 år, frå 1163 til 1250, då nordtårnet var ferdig. Så byrja ein serie med modifikasjonar, reparasjonar, styrking av støttepilarane, eksperimentering og utsmykking av veggane ute, slik at den kyrkja vi kjenner i dag, stod ferdig i 1345. På all denne tid var det brukt faklar og talglys og oljelamper, så alt innvendig var alltid tilsota.

Den bygningen som har reist seg i all si prakt igjen, tykkjest òg å hente fram igjen den opphavlege, gotiske teologien for katedralar. Kyrkjelyden skulle oppleve at Herrens lys omgav dei, og det skulle verke som om dei vart bortrykte frå dagleglivet. Menneska skulle kjenne seg bedne inn i ei signa verd; lyset som omgav dei, skulle fremje konsentrasjonen om det heilage høge, men òg kaste glans over kvardagslivet og skape fellesskap og voner for framtida.

Dei som har vore med på atterreisinga, opplever dette ganske bokstavleg, same kva tilhøve dei har til teologien.

«Det er rettare å seie at katedralen syner seg fram som ny for aller fyrste gong.»

Den 800 år gamle draumen vart verkeleg helga 6.–8. desember, då Vår Frue til Paris høgtidsamt og folkeleg vart vekt til live igjen. For alle som var til stades, var det, om ikkje nett ei bortrykking, så ei samansmelting av opplevingar der synsinntrykka, rituala, rytmen i liturgien, talane og ikkje minst orgelmusikken og dei mange menneska som var fjetra av det dei var med på, truleg overraskande for dei fleste, vart så nær ein kan kome ei openberring: førestillinga om at det guddomlege kjem når kyrkjelyden kallar i song og bøn. Så nær som for Donald Trump, då, som inviterte seg sjølv saman med eit heilt fylgje, mellom dei Elon Musk, og sjølvsagt eige tryggingspersonale.

President Emmanuel Macron plasserte Trump ved høgre sida og Jill Biden på den venstre. Trump var ikkje mykje vel tilpass. TV-nyhenda passa vel på å syne dette seinkvelds.

Skipet med  nytt hovudalter i Notre Dame-katedralen.

Skipet med nytt hovudalter i Notre Dame-katedralen.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Sjølv hamna eg i ei krå på høgre triforiet – galleriet som gjev elevasjonen, forhøginga, av gotiske katedralar, noko som er viktig for lysverknadene. Like ved stod høgtalaren som gav att røysta til erkebisp Ulrich, som stod utanfor med prosesjonen av bispar attom seg og slo tre gonger tre på døra med bispestaven («la crosse») medan han sa fram ei bøn for kvart tredje slag om at Notre-Dame – altså både kyrkja og Maria møy – skulle ta imot tenarane sine.

For kvart dunk svara eit barne- og ungdomskor og representerte Vår Frue til Paris og kyrkjelyden.

«No kan du oppleve ein optisk illusjon; golvet i skipet hevar seg opp og flyt i lause lufta.»

Trump-vitjinga utløyste eit sant kaos for alle ikkje-dignitærar. Hundrevis av publikummarar måtte gløyme alle løfte om å få vere med på noko som helst – konsertar, opningsseremoni laurdag eller messer søndag. Redaktøren i Dag og Tid utretta under for meg med eit akkrediteringsskriv; eg møtte på pressesenteret og vart som forvilla barbar sett saman med gruppa til den katolske avisa La Croix. Rett flokk å fylgje den dagen, sjølv om eg trur dei såg på meg som litt av ein heidning.

Dei var likevel greie til å forklåre. Ein gjorde greie for korleis den oppbygde store pleksiglaspaviljongen framfor inngangen ikkje kunne hyse publikum, for president Macron trong han til å ta imot alle statsmenneska: prins William, andre kongelege frå ymse kantar, presidentar frå EU-landa, afrikanske statar og så bortetter, for ikkje å gløyme Zelenskyj, som skulle snakke med Trump.

I tillegg til tryggingsomsyn kom det at bispane plent nekta Macron å helse nokon velkomen innafor kyrkjedøra. Det var alt gale nok at ein fransk president for fyrste gong sidan godt før 1905 skulle tale i Notre-Dame. Men, sa min nye ven, det einaste løftet Macron faktisk har halde, er at han ville få bygd katedralen opp att på fem år. Og det var då eit mirakel i seg sjølv.

Før ein kom til talar, måtte erkebispen gjennom alle rituala som skulle innvie kyrkja og inventaret på nytt. Der han stod i ei vakker og enkel, kvit ny bispekåpe av ullsateng – alle klesdrakter kom vekk i brannen i 2019 – med enkle symbol og fargar som svarar til dei viktigaste fargane i kvelvingar og veggar, vende han seg til orgelet.

– Heilage orgel, vil du lyfte røysta di så Vårherre høyrer, vil du no vakne og syngje for Herren og oss?

Domorganisten Olivier Latry hadde sagt at han måtte improvisere. Det gjorde han til gagns.

Orgelet er eit av dei absolutt største i Frankrike, med 8000 piper og med fem klaviatur i spelepulten. Latry spelte fyrst nølande, som om instrumentet endeleg vakna or svevn og sjukdom – orgelet overlevde brannen rimeleg godt, men tusentals piper måtte reinsast for skitt og ein del for storkna bly. Sidan blei spelet meir og meir kraftfullt. I siste svaret til erkebispen vart alle klaviatur og ulike registreringar nytta. Då tora musikken så heile kyrkja dura og dirra. Vi sat som klumsa og berre kjende musikken ta over.

Notre-Dame-katedralen brenn den 15. april 2019.

Foto: Philippe Wojazer / Reuters / NTB

Er du kjend i Notre-Dame frå før og kjem dit igjen, vil du verte mykje forundra. Dei restaurasjonane som vart avslutta i 1864, og som omsider kom i stand mykje takk vere boka til Victor Hugo frå 1831, Notre-Dame de Paris, gjorde ein del endringar i mellomalderkyrkja. Ombyggingar for å rette opp store skadar etter nedhogginga av kristne og kongelege symbol under revolusjonen i 1789 var naudsynte. Andre endringar, som at dei høgste vindauga vart gjorde mindre, var i viss monn prega av førestillinga om at mellomalderen var så mørk. Mengder av talglys, tidlegare også faklar, som har brunne kvar einaste dag, har sjølvsagt gjort alle fargar døkke og all stein sotete – alt lenge før brannen.

No, derimot, kan du oppleve ein optisk illusjon; golvet i skipet hevar seg opp og flyt i lause lufta. Og så skrid du fram på brua mellom utanverda og høgalteret, ei vandring skildra i visjonsdikting fleire gonger.

Dei opphavlege arkitektane tenkte seg nok at katedralen skulle oppheve tid og rom: Sjela vart bada i feirande lys og i fargar som braut og samla seg og fylte ut omgjevnadene. Mellomaldertenkjarar og -kunstnarar utvikla jo teoriar om korleis vi kan overskride våre eigne avgrensingar, ved å konsentrere oss om det vi ikkje ser, og det som nærmar seg det absurde.

Det heiter ikkje «credo, quia absurdum» for ingenting.

Steinen er sjølvsagt reinsa for 800 år gammal sot og erstatta der det måtte til – 800 kvadratmeter kalkstein er lagd inn til erstatning for dels oppsmuldra eller øydelagd stein. Alle moglege teknikkar er brukte for å reinse dei ulike steinslaga, frå spesielle pussemaskiner til nennsam skraping med særskilde instrument og jamvel vasking med bagettar dyppa i mjølk.

No ser ein verdien av at president Macron brukte autoriteten sin og avgjorde at katedralen skulle gjenskapast slik han var. Der var ikkje ende på fantasifulle framlegg. Éin skulle vere grøn og lage Babylons hagar med birøkt på taket. Éin skulle ha eit svært symjebasseng i staden for tak. Om ein henta inspirasjon frå dei vakre abstrakte glasmåleria til Le Chevallier, dei hadde overlevd godt, kunne ein skape eit modernistisk eller postmodernistisk kunstverk som ville gje åtgaum over heile verda. Og så bortetter.

Problemet som tvillaust måtte tårne seg opp, same kva for vinkling ein valde, var kompetansestridane mellom ulike statlege etatar seg imellom på eine sida, og kyrkjelege autoritetar på hi sida. Det er ingen løyndom at tilhøvet mellom kyrkja og det eg forenkla kallar monumentforvaltninga (som skal ta seg av den fysiske kulturarven), er sjølve årsaka til forfallet som førte til brannen i 2019.

Nei, det var ingen som røykte ein rev oppe i taket då det skulle gjerast reparasjonsarbeid – «skogen» av eik i taket kunne ikkje ta fyr som fyrstikker, sjølv om veden var gammal. Det var heller ingen som misbrukte boremaskiner eller andre verktøy så det gjekk varme i veden.

Alt i 1995 kom grundige analysar av korleis eika var framskaffa, alder og kvalitet, og desse analysane var no til stor hjelp for fagfolka. Dei par tusen firkanta bjelkane fata då blytekkinga i taket smelta og brann. Den gule røykskya ein kunne sjå på fjernsyn, synte ein kjemisk reaksjon mellom desse elementa som gav ein særskild – og farleg – gass.

Ikkje berre flammane, men også gassen gjorde arbeidet til brannmannskapane livsfarleg i april 2019; især dei som stod og pøste vatn på taket, var utsette i vinden, med gneisteregnet og giftskya svirrande ikring seg.

Kvifor dei 20 mest utsette ikkje gav seg? Dei var under direkte ordre av presidenten. Brannmennene i Frankrike er nemleg del av det militære systemet, og presidenten er øvstkommanderande.

Macron fortalde i talen sin ved gjenopninga at han hadde hatt alvorlege kvalar ved denne ordren, og han takka Skaparen for at ingen fekk andre mein enn vekksvidde augnebruner.

Den nye takhimmelen i Notre-Dame.

Den nye takhimmelen i Notre-Dame.

Foto: Christophe Petit Tesson / EPA / NTB

Ser ein bort frå mytedanninga, er det klårt at personalet i kyrkja korkje var årvakne nok eller hadde utstyr godt nok for overvaking. Dei burde ha merka seg at dei elektrisk styrte kyrkjeklokkene verka dårleg over tid før brannen.

I staden heldt ein fram med reparasjonsarbeid som kravde sterke lyskastarar, elektriske bor, pussemaskiner, sager og så bortetter. Det måtte rett og slett verte overleiing ein vakker dag.

Macron skjøna at konfliktane var for store, og sjølv om han fekk mykje kritikk, skar han igjennom det han nok forstod ville verte uendelege kranglar. Han oppretta ein ny institusjon med general Jean-Louis Georgelin (1948–2023) som (autoritær) sjef og arkitekten Phillippe Villeneuve som fagansvarleg.

Det hadde då vore eit tema ei tid at løyvingane til reparasjonar i 2016 var altfor små. Dette tvinga erkebispedømmet til å velje låge tilbod, som om å installere elektrisk opplegg. Der var ikkje pengar til sprinklaranlegg.

Notre-Dame er statleg, som alle katedralar og kyrkjelege bygg. Bygga vart nasjonaliserte i og med laisitetslova (sekulariseringslova) av 1905. Då ville ein lage kulturhus av dei. Etter mykje oppstuss og for å blidgjere Roma fekk kyrkja bruksrett til bygningane.

Eit døme på vanskjøtsel frå statens side som fylgjer av denne ordninga, er trekt fram i det siste. I Orival lenger nord ved Seinen ligg ei kyrkje som er like gammal som Notre-Dame. Bygget er særmerkt, dels hogge ut av eit berg. Ingen kan gå inn, for det fell kilotunge steinar ned frå taket.

Kva vil så hende med slike og andre bygg i fare? Vel, det som har hendt med Notre-Dame, vekkjer kan hende voner.

Nemner ein fyrst pengane, er innsamlinga til Notre-Dame historisk: 843 milliardar euro frå 340.000 identifiserbare private gjevarar av alle slag, hundretals millionar frå rike familiar i Frankrike, 60 milliardar frå amerikanske magnatar og alle dei typane innsamlingar og smågåver ein kan tenkje seg, frå alle kantar av landet og verda.

«Frankrike har oppdaga dugnaden.»

Folka og innsatsen deira er likevel det som vekkjer størst ærefrykt. Menneske som aldri hadde tenkt at dei hadde noko til felles, har arbeidd skulder ved skulder, både natt og dag, og er komne kvarandre nær. I seg sjølv er dette eit historisk landemerke.

Meir enn 120 handverkaryrke har vore representerte, ut over arkitektar, bygningsarbeidarar, stillasarbeidarar og så bortetter, forskarar av mangfaldige slag, arkeologar og historikarar som har grave i arkiv, filologar og kunsthistorikarar og andre som har tolka arkivkjelder, kjemikarar, fysikarar, matematikarar, dataekspertar og kva elles ein kan tenkje seg.

Det har ikkje vore eitt prosjekt, dette, men åtte–ti samverkande prosjekt.

Mange av deltakarane seier at desse fem åra – eller delar av dei – er noko av det mest inspirerande, lukkelege, overveldande og lærerike samvirket mellom menneske dei nokon gong har opplevd. Vitnemåla fortel om kva folk har lært av samarbeidet på tvers, mellom praktikarar og teoretikarar, mellom fag som elles aldri møtest, mellom friviljuge hjelparar og profesjonelle – og mange andre kombinasjonar.

Difor var opningsseremonien så rørande. Brannmennene, hjelparane deira, politibetjentar, vakter, fagarbeidarar, akademikarar – alle vart hylla som heltar. Det er vel utdelt eit tonn medaljar, men det mektige ligg i dåden, ikkje i heltenamnet. Frankrike har oppdaga dugnaden – på lag samstundes med at vi her heime har forsømt å ta vare på sjølve meininga i ordet, sjølv om det vart brukt heftig ei tid.

Samvirket mellom så mange vilt ulike, for kvarandre oftast heilt ukjende menneske som gjekk saman om ei enorm oppgåve, og lukkast gjennom å lite på kvarandre og lære av kvarandre, er eit verkeleg mektig mønster for kva som skal til for å gjere store verk.

Mathieu Lours, mannen som har skrive den offisielle boka om gjenoppbygginga (Rebâtir Notre-Dame, utgjeven i november 2024), seier det slik: «Frankrike har ikkje berre atterreist eit bygg, men har gjort katedralen til eit levande verk som kan bevege, forkynne og forføre. Vi ante ikkje før at vi makta noko slikt, no veit vi at vi kan nå mål vi før ikkje eingong kunne namngje.»

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis