Reportasje

Fredagskaffi i Ørje

ØRJE: Det finst kardemommebyar med skomakargater langt inni innlandet òg, der livet går like langsamt som ein kanalbåt gjennom slusene i Haldenvassdraget.

Fredagskaffi og vinylfredag i lokalmatutsalet Matfatet i Storgata i Ørje i Marker kommune i Indre Østfold. Poeten, songaren og markingen Trygve Skaug sit ved døra.
Fredagskaffi og vinylfredag i lokalmatutsalet Matfatet i Storgata i Ørje i Marker kommune i Indre Østfold. Poeten, songaren og markingen Trygve Skaug sit ved døra.
Publisert Sist oppdatert

Eg er den einaste passasjeren på bussen frå Mysen til Ørje, og avgangen er den einaste denne morgonen. Neste buss går om seks timar. Elles i Østfold går buss og tog – og buss for tog – heile tida, ja, i Indre Østfold òg, med Askim og Mysen som knutepunkt. Men ikkje hit til Ørje heilt i aust, berre ei halv mil frå svenskegrensa, i Marker. Kommunen ligg utanfor om ikkje folkeskikken, så det vanlege kollektivtilbodet, ikkje berre i Austlandet-samanheng, men i Indre Østfold-samanheng òg. Eit så skralt tilbod hugsar eg frå nokre avsides kyststrok i Nordland.

Som ho fortalde meg, sjåføren på direktebussen som kvar morgon går frå Oslo bussterminal til Mysen stasjon, og som ikkje nyttar lengre tid enn toget no som Follobanen slit:

– Indre Østfold strekkjer seg frå Hobøl i vest til Marker i aust, og di lenger aust du kjem, di billegare vert husa og di fleire vert dei trygda.

«Odd»

Om ho har rett, har Marker dei lægste bustadprisane, og til slike område flyttar kunstnarar òg. Ein ukjend kunstnar som flytta frå Oslo til Ørje for ti år sidan, er i dag særs kjend, lyrikaren og musikkartisten Trygve Skaug, men trass nasjonalt gjennombrot –?han bur framleis i Ørje. Og ikkje berre det: Han skriv og syng om Ørje òg, og om andre stader i Indre Østfold, som Trøgstad, der han voks opp og budde til han var seksten år og fór på folkehøgskule vestpå. No er han 37.

Med meg på bussen har eg den nye boka hans, diktsamlinga Dikt til navngitte menn (2022). Ei betre reisehandbok kunne eg neppe teke med meg. At eg valde å leggja nett den i sekken, kjem av at ho i stor grad går føre seg i Indre Østfold. Det er regionen eg skal skriva frå framover, og eg ville byrja frå ein kant ­­­– Ørje er ein slik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement