JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Friluftslivet som forsvann

Nansen er nært knytt til omgrepet friluftsliv. Men boka han gav ut i 1916, som var kommentaren hans til den fyrste verdskrigen, manglar eit kapittel: det som handlar om det maritime friluftslivet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118no-nb_bldsa_ 118

Interfoto interfoto

8688
20171222
8688
20171222

Fridtjof Nansen

harald.dag.jolle@npolar.no

«Først sover vi i en kasse, så smetter vi ut, bort igjennem et smalt mellemrum og in i en a’en kasse.» Slik skriv Nansen om det moderne kvardagslivet, kor menneska går frå boks til boks. «Og slik går årene, inne i disse kassene, – og det kaller vi livet. Og der inne yngler vi, og skaper nye slekter som skal fortsette samme kasselivet.» Og når folk riktig skal vere glade, samla dei seg i ei større kasse for å ete saman. «Der sitter de da på rad bortefter på halen, med forlabbene op på et brett, og legge i sig fem, ti, femten forskjellige slags mat, alt efter gledens størrelse, og drikker tilsvarende mengder sterk drikke, til de ser sig selv, og hverandre, og kasse-verdenen i en idiotisk tåke. – Det kalles fest…»

Dette var kontrasten til det frie livet under open himmel, meinte Nansen, kor ein kunne få det frie utsynet, sjå dei store linene – og sjå galskapen som herja Europa.

Boka Friluftsliv har sju forteljingar. Den mest kjende er tvillaust «På ski over fjellet», som er ei revidert utgåve av artikkelserien Nansen skreiv etter han kryssa fjellet frå vest til aust og attende i 1884. No fekk artikkelen eit tillegg – etter at han i mars 1916 gjekk ein tur frå Hallingskeid for å få det same utsynet han hadde hatt 32 år tidlegare. Men noko hadde vorte fundamentalt endra i fjellheimen: «Lokomotiv-pipene skingret gjennem stilheten, togene fôr prustende att og fram, den svarte kull-røiken slo ut av tunnell-hullene op mot den blå himmel – og den såkalte kulturen kryper høiere og høiere op på vidden med sine store hoteller og sine uungåelige ‘turister’.» Nansen skriv om korleis vinterfjellet vart tatt i bruk av moderne byfolk, om korleis alt no skulle vere så komfortabelt. Ein kunne leggje seg i Kristiania og stå opp og ete frukost på Finse før ein gjekk på Hardangerjøkulen på føremiddagen. Dette var jo på eit vis bra, innrømte Nansen. Det fekk folk til fjellet som ikkje ville ha kome. «Men å! når det bare ikke fulgte så meget a’ent med, det som ikke hever menneskene. Alskens luksus, med mat, og drikke, og toiletter, og kortspill, og narrestreker.» No kom det lass med folk til dei store hotella. Her levde dei så hektisk at dei måtte attende til byen for å kvile: «Den vidden som løfter menneske-sinnet, og skulde gi det de større, enklere linjer, ser de ferreste.»

Blad frå dagboka

Resten av boka – med undertittelen Blade af dagboken – gir glimt frå nokre av Nansens turar i skog og mark, på fjellet og til Ishavet. Fotturar og skiturar. Jakt og seterdrift. Og eit forskingstokt til Island og Jan Mayen. Det er enkle forteljingar. Smålåtne i ytre handling. Men ambisjonane til Nansen var større enn å utgje nokre naturskildringar han hadde festa i dagbøkene sine: Han ønskte å kritisere det moderne samfunnet og den manglande moralen der, skreiv han til ein forleggjar. Han ville vise krigens elende og peike på kor framtidsmoglegheitene låg. Han ville ta lesaren med inn i naturen for å vise at dei måtte hit for å finne verdiane som eit nytt samfunn kunne byggjast på.

Nansen kritiserte til dømes at moderne skirenn berre hadde vorte «sport» og «recorder» – «inført utenfra, liksom de fremmede ordene selv – det skygger for solen.» Han klagar over at folk var opptatt av motar; ikkje berre klesvegen, nei motar «rår i kunst, i literatur, i videnskap, ja i vore meninger, i vor ‘overbevisning’.» Og han syter over at livet var vorte ei «endeløs rekke trivialiteter og småtterier!»

Og særleg er han på dei to siste turane, datert i 1916, oppteken av verdskrigens herjingar. Som då han vandrar mellom mektige fjell i Rondane. Her kunne han puste fritt og kvile augo og sinnet. Men likevel pressa andre bilete seg fram på netthinna, skreiv han, som det ikkje var mogeleg å røme frå – bilete frå skyttargravene, med «berge av lemlestet mennesk-kjøtt». Slikt gav ikkje fred – sjølv i fjellparadiset. Han høyrde «jammer fra millioner av kvinner som mistet alt – venner, husbonn … En ser fortvilete mødre som leter efter sønner … grånede, nedbøide fedre som leter efter stammens håb».

Det var sjølve samfunnets fundament som skalv, ropte Nansen ut mellom fjella: «Europas folk – ‘kulturens bærere’ – eter hverandre, tramper på kulturen, legger Europa i ruiner – til fordel for hvem???» Og Nansen køyrde på: «Det måtte komme. Europas kultur har sviktet – den var inråtten. Som det syke tre i skogen sank den sammen, straks stormen brøt løs.»

Boka fekk god mottaking. Gerhard Gran roste Nansen for at han hadde funne at årsakene til krigens galskap låg «i kulturens sygdom, i mangel paa ensomhed, stilhed, storhed – i det rastløse vilde kapløp mellom stater og individer». Men ikkje alle meldarar var like nøgde med alt: Nansens radikale språk var forstyrrande for Trondhjems Folkeblad. Når Nansen brukte hunnen i stadet for hunden og bønnene i stadet for bønderne, var det «likesom det kommer noget bort bak tænderne, naar man uttaler det».

Kapittelet som vanta

På Nasjonalbiblioteket ligg det, saman med dei andre forarbeida til boka, ein ukjend tekst som blir publisert for fyrste gong i denne utgåva av Dag og Tid. Historia handlar om ein tur Nansen segla med «Veslemøy» langs Sørlands- og vestlandskysten sumaren 1904. Manuset er korrekturlese og paginert frå side 57–76, og forma tyder på at det er skrive for å ha med i Friluftsliv. Men av ein eller anna grunn, eg veit ikkje kvifor, kom det ikkje med i den endelege boka.

Den omhandla turen er med Nansens eige forskingsskip. Det var opphaveleg ein yacht han kjøpte i England i 1897. Skuta var ein tomastars skonnert, bygd for ferie- og lystturar. Nansen døypte skuta «Veslemøy», fekk sett inn ein 20 hestekrefters petroleumsmaskin som eit tillegg til seglføringa, og fjerna ein del av den luksuriøse innreiinga, slik at det vart betre arbeidsplass for ein havforskar.

«Veslemøy» var med sine 57,1 fot lengd, 12,5 fot breidd og 9,3 fot djupn den minste skuta som nokon gong hadde vore nytta til forsking i ope hav. Med fullt mannskap kunne ho ha ein bestmann, ein matros, ein maskinist og ein stuert om bord, i tillegg til eit par forskarar eller andre passasjerar. Turen frå 1904 er eitt av mange forskingstokt der Nansen nytta «Veslemøy» langs Norskekysten, fram til han selde skuta for 8000 kroner i 1915. I 1912 vart skonnerten sett på si største prøve, då Nansen drog med «Veslemøy» heile vegen til nordsida av Spitsbergen for å gjere oseanografiske målingar i Polhavet.

Nansen var ikkje berre glad i desse turane, sjøsjuk som han støtt vart. Han spurde seg sjølv kvifor han eigentleg hadde vorte havforskar. «Livet, det spirende i skogenes skjød skulde jeg vie mig til, og la havet vugge over sin våte koldhet», skreiv han oppgitt utanfor Bergen i 1909. Og då han kom heim att, heldt han fram i dagboka: «Fra færd efter færd kommer en tilbake, og har samlet i lader, som bien tilbake til kuben. Men honningen, hvor blir det av den?»

Andre gonger var han svært oppstemd og såg kva nytte han kunne gjere om bord på forskingsskipet sitt. Til dømes ein gong han låg til kai i Arendal: «Jeg kommer netop ind fra sjøen efter at ha gjort som jeg synes et stort nytt fund; min idé fra syv år tilbake om at måle havstrømmene fra Veslemøy for drivanker er prøvd, og har vist sig over al forventning brukbar, og det synes mig som en ny verden av muligheter for løsninger av havets gåter, strømmenes bevegelser, desmere.»

Nansens friluftsrolle

Nansen har fått ein sentral plass hjå dei som har tala varmt om friluftslivet. På 1970-talet skreiv til dømes Nils Faarlund at Noreg var i «en særstilling når det gjelder friluftsliv gjennom den tradisjon som finnes og gjennom den refleksjon som er representert først og fremst ved Fridtjof Nansen». Nansens klage på sportifiseringa av skilauping, kritikken av det moderne samfunnet, ropa etter Rousseau og ei ny tid kor menneska skulle leve eit enklare liv og ikkje vere underlagde «døgnets jag» og «pengenes mareritt», er døme på utsegner som passar med verne- og naturbaserte friluftstankar.

Og dersom me føreset at Nansen og boka hans har hatt ei viss vekt for kva me forstår som friluftsliv, er det freistande å spørje: Hadde omgrepet friluftsliv smaka meir saltvatn om kapittelet «Langs Kysten» hadde stått der det kronologisk høyrer heime – mellom «Høstjakt» og «Tiurlek»?

Harald Dag Jølle er historikar og forskar ved Norsk Polarinstitutt og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Den vidden som løfter menneske-sinnet, og skulde gi det de større, enklere linjer, ser de ferreste.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis