Teknologi

Fritidsdronar

Dronefoto av ein annan drone i lufta over Bjørvika i Oslo.
Dronefoto av ein annan drone i lufta over Bjørvika i Oslo.Dronefoto av ein annan drone i lufta over Bjørvika i Oslo.
Publisert

Du kan gå på Clas Ohlson og kjøpe deg ein fritidsdrone for nokre tusenlappar, og då har du ein av dei mest avanserte, nyttige og provoserande teknologiane som vanleg folk i det heile kan få tak i.

Kanskje er du ein av dei som flyg drone sjølv, for moro skuld og for å filme i terrenget rundt hytta. Dronar gjev ofte assosiasjonar til militær drapsteknologi, overvaking og invasjon av privatlivet, men du har sikkert også sett flotte dronefilmar med fossar, isbrear og fjell frå norsk natur. Dronar vert òg brukte til redningsoperasjonar, til dømes vart dronar brukte for å få oversikt over rasområdet i Gjerdrum rundt nyttår.

Den typen dronar som er på marknaden i dag, er svært lette å manøvrere og vert styrte av motorkraft på fire rotorar. Rotorane trykkjer luft ned og lagar ei pute av luft som dronen kan flyte på. Med lågare rotorfart vil dronen dale, med høgare rotarfart vil han stige. To av rotorane roterer med klokka og to roterer mot klokka for å hindre at dronen roterer rundt seg sjølv. Retning og framdrift vert endra ved å variere rotorfarten på par av rotorar. Når to naborotorar byrjar å gå litt fortare, tippar dronen litt framover og får framdrift. Når to rotorar diametralt overfor kvarandre endrar fart, vil dronen rotere og endre retning.

Fritidsdronen frå Clas Ohlson kan gjevast kommandoar i sanntid ved hjelp av radiostyring, og han er elles temmeleg sjølvgåande. Dronen kan instruerast om flygeruter, høgd over bakken og fart, og når han har fått instruksjonar kan han i prinsippet flyge sjølv. Han brukar høgdemålar for å vite avstanden til bakken, akselerometer og gyroskop for å halde balansen, og GPS for å vite kvar han er.

Fritidsdronen er eit datasystem av same type som autopilotane flybransjen brukar til å hjelpe dei menneskelege pilotane under flyging. Det reagerer sjølvstendig på informasjon som kjem inn. Dronen har ein datahjerne som gjer at han kan gå frå handling til sansing til analyse og tilbake til handling i ein kontinuerleg prosess. Slik kan han halde posisjonar han er instruert til, trass i forstyrringar frå vind og vêr. Dronen tek av og landar, unngår hindringar, held ein førehandsdefinert avstand frå bakken og koordinerer rørslene sine overfor andre gjenstandar i rørsle. Dronen veit når han må parkere for å lade batteriet, og kan finne vegen tilbake til batteristasjonen sjølv. Når mange dronar flyg i formasjon, er det eit døme på slik automatisert reaksjon. Under OL i Sør-Korea i 2018 var det eit stort droneshow i opningsseremonien. Dusinvis av dronar teikna lysformasjonar i lufta med koordinerte rørsler.

Dronar kan bere mange slags sensorar. Den viktigaste er nok kameraet, og det kan vere eit vanleg kamera, eit 360-graders kamera som filmar i alle retningar rundt dronen samtidig, eller eit varmesøkjande kamera som finn dyr og menneske eller varmelekkasjar på store industribygg. Dronen kan òg ha andre oppgåver enn berre å vere eit hjelpemiddel til å observere. Dei kan bere ein laser, ein lyskastar, ein høgtalar, ein mikrofon og i prinsippet all annan teknologi som ikkje er for tung. Amazon har prøvd ordningar der dronar skal levere varer på dørstokken til kunden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement