Reportasje
Gatemett
Når eg er i Brasil, et eg helst rett frå gata.
Sola skin – popkornet er varmt og ølen er kald i Salvador. Sola skin – popkornet er varmt og ølen er kald i Salvador.
Siri HelleSiri Helle
Det er ein heilt vanleg dag i ei gate i ein by i Brasil. Her er bilar, motorsyklar, lastebilar, bygningsarbeid, støy, og varme – så mykje varme – og så er det alle luktene. Av og til luktar det tiss, av og til gammalt fyll, av og til hav, av og til parfymen til personen som går forbi meg, og nesten heile tida luktar det ulike former for mat.
Kaffi kan det lukte. Eller søt ketsjup. Popkorn. Ost steikt på glør, bønnegryte, frityrolje (ikkje minst det), fersk bakst, grilla kjøt, hønsesuppe, churros, rista maniokmjøl, frukter eg meir eller mindre kan kjenne att.
Det er restaurantar langs gata, sjølvsagt er det det, meir og mindre formelle stadar med og utan dør (det er stort sett berre matstadar med aircondition som har dør, dei utan har opningar rett ut i gata), men luktene kjem ikkje fyrst og fremst derifrå. Dei kjem frå Brasils største – og kanskje beste – restaurant: alle matseljarane i gata.
Overalt er det folk, og dei kjem frå ein stad og skal til ein annan, men undervegs kan dei stoppe ved ei sånn lita matvogn, sette seg ned på ein krakk med ein kopp kaffi, ein fruktjuice eller ein øl, midt på fortauet eller endåtil i bilvegen.
Gata er ein del av livet. Og i det livet må det etast. Kombiner det med ein middeltemperatur som det ofte er like behageleg å vere ute som inne i (om du finn skugge), og ein folkementalitet som er temmeleg avslappa, og du har mykje av grunnlaget for ein god gatematkultur. Men å kunne kjøpe mat på gata er ikkje berre ein del av livet for kjøparane – det er òg eit levebrød, og for mange ein måte å ta kontroll over livet sitt på. Lat oss sjå litt nærare på matlandet Brasil.
Vi kjenner Brasil som landet for dansen, sola og strendene, sambaen og dei lange nettene fulle av liv og rørsle og bossanova. Det er difor vi reiser til Brasil, er det ikkje? Eg meiner, vi reiser ikkje til Brasil på grunn av maten?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.