God restaurering krev eit anna skogbruk
Dei trehusa som har tolt vind og væte gjennom hundreåra, er bygde av utvalde emne. Materialen kom frå andre skogar enn dagens. Trea vaks seint. I dag har skogane stort volum, men kvaliteten har gått ned under iveren etter mange kubikkmeter.
Skog med tre av ulik alder, her gran. Når små planter spirer under større tre, må dei kjempe for livet i lite lys, energien som driv veksten. Årringane vert tynne og veden sterk. Skogen inneheld tre i vekslande dimensjonar som høver til ulike emne i bygningen.
Foto: Gjermund Andersen
Evna treverk har til å stå imot ròte, aukar di mindre årringane er, altså di mindre den årlege volumtilveksten er. På fure strekkjer alveden seg lenger ut i stammen når åra går. Dette heng saman med at tilveksten minkar, ein del av baret dett av og treet treng ikkje like mange røyr som transporterer vatn og næring. Meir av veden vert tetta med harpiks, han blir alved. Trea kjem nærare sylindrisk form. Er dei retteleg gamle, eit par hundre år eller meir, er også geitveden tettvaksen og ròtesterk. Mange andre faktorar enn alderen avgjer kor mykje alved treet får, og om han er av beste sort, feit og tung og raud i leten. Varig material har vi mest bruk for til vindauge og utedører, kledning og utvendige lister, svillstokkar, torvhaldsstokkar, vindskier og alle slags taktekkje av tre.
Slike eigenskapar er knapt i handelen. Trelastindustrien skjer etter dimensjonane på stokken, ikkje kvaliteten. Byggjevarebutikkane fører godt og dårleg samfengt. Vindauge som har klart seg i hundre år eller meir, kan sjå dårlege ut, målingslitne og med lite kitt igjen. Men under yta er veden ofte like god. Mange gamle vindauge, som gjennom åra har vist at dei toler tida, har vore vraka og erstatta med nye og langt mindre varige. Gradvis veks kunnskapen om kva som skal til for å restaurere med material som står seg. Problemet er å få tak i treverk med dei rette eigenskapane.
Rovhogst
Då dei bygde stavkyrkjer før og etter år 1100, kunne dei nok velje tettvaksne stokkar i eldgamle skogar. Hus frå 1400-talet er av tre som har vakse mykje raskare, truleg på dyrka mark som låg for fefot etter svartedauden. Det skriv Terje Thun ved NTNU Vitskapsmuseet i Fortidsvern. Oppfatninga byggjer på dendrokronologiske dateringar, som er å finne alderen på gamle hus ved å analysere variasjonar i årringsbreiddene. Så, midt i 1500-åra, skaut husbygginga fart igjen, med tilgang på mykje gammal skog. Samstundes starta trelasteksporten. Enorme mengder tre fall for øksa. Også gruvedrift la vide vidder snaue; det var ein periode med regelrett rovhogst. Grana grodde inn på mark med tidlegare fureskogar, og gran vart vanleg byggjematerial aust for Langfjella og i Trøndelag. No er igjen kubikkmassen i skogane stor, men trea får ikkje utvikle dei eigenskapane som gjer trevyrket varig. Å finne veleigna material til restaurering av stavkyrkjer og verdslege hus frå mellomalderen, har vore eit arbeid med mykje leiting. Dei som skal vøle gamle hus rundt om i landet, veit ofte kva dei treng, men får ikkje tak i det.
Terje Thun har òg stilt dette spørsmålet: Kvifor har stavkyrkjer stått i 900 år utan skade av insekt, medan yngre hus i same området ofte har store skadar av mott og husbukk. Er det slik at den beste materialen også står seg mot insektgnag?
Å ta vare på bygningsarven krev skogar med tre som veks seint – og som får stå til trea er utvaksne. For fure er det eit par hundre år eller meir. Skog som er dyrka for å vekse fort, er ueigna. Restaureringsbransjen er ute etter noko heilt anna enn det industriskogbruket kan levere. Trebåtbyggjarar går ut i marka og leitar opp tre med dei eigenskapane som trengst – ein plukkhogst med det i mente at tre som enno ikkje er gode nok, kan bli det seinare. Det same gjorde dei nok òg, dei som bygde husa vi har igjen frå mellomalderen. Å vekkje opp igjen denne skikken kan gje meir veleigna material til vedlikehald av bygningsarven.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.