Natur

Gyllen dronning

Det er framleis von for den norske almebestanden.

Alm er eit lauvtre som er oppført på raudlista. Det kan verte opptil 35 meter høgt.
Alm er eit lauvtre som er oppført på raudlista. Det kan verte opptil 35 meter høgt.
Publisert

Sambuaren min heiter Embla, eit namn som kjem frå norrønt og tyder alm (Ulmus glabra). I eit forsøk på å vere romantisk har eg lova henne å spore opp kvar einaste alm i heimfjorden, slik eg kan bevise for bygda at den vakraste av «søstrene» er kjærasten min.

Alm er eit lauvtre som er registrert som sterkt truga på den norske raudlista. Bestanden har truleg minka med 30 prosent dei siste åra. Beitepress frå hjort og konkurranse frå den uønskte platanlønna, er ein del av problemet, men den desidert største fienden er almesjuka, som kjem av to framande soppartar.

Infiserte tre visnar og døyr raskt, normalt innan eitt til to år. Sjølv om ein kan førebyggje smitte, finst det ingen kur når treet først er sjukt. Då er målet å destruere treet for å hindre nye utbrot. Menneskeleg aktivitet og ureina tømmer bidreg til smitte, men den soleklart fremste vektoren for soppsporane er almesplintboraren, ei bille på om lag fire millimeter.

Kort fortalt var det romarane som uforvarande skapte grunnlaget for dette uføret. Dei frakta engelsk alm (Ulmus procera) til Vest-Europa og nytta ho til å binde opp vinstokkane sine. Normalt var ikkje desse kultivarane fruktbare, og dei vart avla fram via rotskot. Resultatet var genetiske klonar, sårbare for dei same sjukdomane.

Passande nok var det i Nederland, kjent for sine tusentals almetre, sjukdomen først vart påvist i 1921. Det synte seg å vere ein varsam forsmak på det som skulle kome, for då ein meir aggressiv sopp skapte andre bølgje på 1970-talet, vart det ein miljøkatastrofe av enorme dimensjonar.

Millionar av tre i Europa og Nord-Amerika vart smitta. Berre i Storbritannia døydde 25 millionar individ. Her heime vart bestandane i oslo- og drammensområdet hardt råka, men på grunn av lågare temperaturar og større avstandar var det enklare å stogge utviklinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement