Heim
Tippoldefar min kalla seg Opedalskongen. Utan han og 31 andre tipptippoldeforeldre ville ikkje eg vore. Heller ikkje denne artikkelen. Så stor takk til dei alle.
Solveig Barstad og mora Ellen driv den gamle skysstasjonen Nutheim. Med den nye tunnelen blir også Nutheim liggande utanfor allfarveg, og dette ser Solveig fram til, seier ho.
Sola steiker når eg legg i veg over den lange sletta i Sauland. I går køyrde eg heile strekka på halvtanna minutt, no er ho endelaus. Eg har tatt i bruk stavane igjen, klikk, klikk, og eg undrar meg over kor mange klikk det er til Hjartdal. Det må vere mange.
Eg kjem til å tenke på ein vårkveld for rundt femten år sidan. Eg var eg på veg heim til Odda i ein grøn Mazda 818 De Luxe og stoppa på ein rasteplass der oppe, ved vatnet Hjartsjå. Eg slo av motoren, gjekk ut av bilen og stilte meg under dei høge, ranke bjørketrea. Eg såg ut over vatnet. Ein vårleg sus, eit skarpt drag i lufta. Det var begynt å lauve, og frå liene høyrde eg fuglane. Eit fjernt kor av kvitter og song. Eg lukka auga, fylte lungene, heldt pusten og fekk denne sterke kjensle av vår. Av oppvakning, og liv. Av sjølv å leve, av å vere til, av å høyre til. Av å vere ein del av noko større. Eit inderleg brus av lette og velvære song i meg, det var fullnad og ro. Det varte kan hende i tjue sekund.
Så ebba det ut, og eg køyrde vidare.
Kvar gong eg køyrer forbi rasteplassen, tenker eg på denne vårkvelden. Eg har stoppa nokre gonger sidan, men aldri fått den same kjensla igjen. Det er vel slikt som ein får oppleve berre nokre få gonger i livet. Kanskje vil det skje i dag? Klikk, klikk, klikk…
Det skjer noko med gardane ein stad mellom Heddal og Hjartdal. Eller – det skjer noko med landskapet. Det strammar seg til, det reiser seg, blir meir kupert, skog og gråberg kjem tettare på, og gardsbruka blir mindre. Når ein susar forbi i åtti, rekk ein knapt å registrere det, men no ser eg det: Det er stor forskjell på korleis gardane er drivne.
Eg kan sjå det på gjerda langs vegen. Er det nye, trykkimpregnerte gjerdestolpar med stram sinkgalvanisert netting skjønar eg straks at her bur det ein potent bonde med kraft, vilje og tru på framtida. Viss stolpane er skeive og nettinggjerdet heng, skjønar eg at her er det motgang. Og viss stolpane er morkne og gjerdet ligg stykkevis på bakken, ja, då er det resignasjon, nederlag og fråflytting. Hus og driftsbygningar stadfester stoda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.