Heim
Mitt første minne i livet er frå Kongsberg. Ein bekk, brunleg sandbotn, daudt gras, og så hugsar eg eit gult hus med valmtak. Den bekken skal eg finne.
Eg har tatt farvel med Konrad Ofte, legen og språkrefsaren i Øvre Eiker, og på veg gjennom det store bustadfeltet registrer eg at hekkane er låge i Hokksund. Mange har ikkje ein gong hekk. Ein kan gå rett inn på plenen. Dette er eit tydeleg signal til omgjevnadane: «Eg har ingenting å skjule, her er alle velkomne.» Eller kan det kome av latskap, og mangel på estetikk?
Det er nær 22 kilometer frå Hokksund til Kongsberg, og snart kjem eg til jernbanestasjonen. Eg sjekkar togrutene. Toget tek berre 30 minuttar, og det er klart det freistar, men eg går forbi, eg må gå, og snart er eg forbi kyrkja og rundkøyringa ved Langebru Gjestegård. Rakaste vegen til Kongsberg er langs E134, men der kan eg ikkje gå. Det er motorveg, og i staden skal eg ta gamlevegen via Darbu.
Eg kjenner at sekken er lettare, og snart mørnar beina, og eg flyt av garde, og eg kjem i eit euforisk humør. Eg kjenner meg løfta og sterk. Så langt eg har gått, tenker eg, så flink eg er. Langs vegen ser eg ein mann og ei kvinne frå Øvre Eiker Energi feste ein bardun til ein lyktestolpe, og eg helsar blidt med eit hei, eg ser ein mann i felleskjøpsgrønt kople metallrøyr, han skal vel vatne kornåkrane. Eg vinkar, hei, hei. Eg ser postmannen i kortbukser bere ei pappeske mot eit hus, og eg tenker: Slik funksjonerer/fungerer det. Det er slike folk som held Noreg i gang, medan eg produserer fjernsynsunderhaldning inne i Oslo.
Eg kjem til den lange sletta ved Fiskumvannet, og der står det eit guloransje skilt: «Kongsberg 15». Har eg ikkje gått lenger enn sju kilometer?! Eg ser på klokka. Allereie kvart på eitt. Har eg brukt over tre timar på sju kilometer? Rett nok har eg stansa for å ta bilete, men kva blir snittfarten? Litt over to kilometer i timen. To kilometer! Eg går, og tida går, men tida hastar føre, og eg sleper etter. Det strålande humøret blir brått borte. Eg må ikkje tenke negativt, tenker eg, eg må slutte med det, men eg klarar ikkje la vere. Det er femten lange kilometer igjen. Lufta dirrar. Eg går. Stavane slår i asfalten.
Eg blir galen av den lyden.
Darbu. Det er brennande heitt. Eg sit på terrassen utanfor Jokerbutikken med ein kanelbolle. Eg er ikkje svolten, men eg må ete noko, og riv bollen i bitar, tygg. Eg sit klemd inn mot veggen for å sleppe unna sola. I avisstativet les eg om varmerekordar, og finvêret skal berre fortsette. Eit par i 60-åra sit på andre enden av terrassen. Dei pratar lågt saman. Ei jamaldra dame i raude piratbukser går forbi, ho triller på ein sykkel. «Så der sit de», seier sykkeldama. «Ja, her sit vi», svarar mannen. «Herleg vêr», seier sykkeldama. «Det er så deilig, at», seier kvinna på terrassen. «Ja, dette har vi fortent», seier sykkeldama. Ho har stansa opp no. «Er du ikkje i arbeid», spør dama på terrassen. Sykkeldama blir stille. Ho ser rett fram. Skal ho ikkje svare?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.