Essay
Heimekontor i merkelege dagar
Eg har hatt heimekontor i over 30 år, men no er noko på gang, og det er koronasmitten, og eg går nesten ikkje ut; eg går ein tur kvar dag, det har eg gjort lenge, men no er det noko som skjer, noko som er annleis; heile gata er tom, og heile byen, ja, heile landet, ja, heile verda er stengd, og alle ventar på at nokon kan opne døra og vi kan komme tilbake til den gamle verda.
Noko er heilt på trynet, og eg pustar berre gjennom nasen når eg går tur, og eg har skjerf over munn og nase, i tilfelle eg blir smitta, og i butikken, når eg skal kjøpe mat, snakkar eg ikkje med nokon, eg berre smiler djupt inn i skjerfet og nikkar, og eg treffer nokon som eg kjenner, for eg har jo høyrt om dei som ikkje veit at dei er smitta, eller dei heilt sinnssjuke som er smitta, og som gir blaffen i å halde seg heime.
Eg har ikkje hanskar på meg, og idet eg tek på ein banan og ein appelsin i butikken, for ikkje å snakke om ein boks med øl, for der trur eg det er karneval og ein dans med mange virus, så seier eg til meg sjølv at eg ikkje må gløyme å vaske hendene når eg kjem heim att, eg har aldri vaska hendene så mykje som no; eg kan ikkje gå ned trappa utan å ta på gelenderet, eller gå ut gjennom porten i bygarden der eg bur, utan å ta på låsen og handtaket, så seier eg til meg sjølv at eg må ikkje gløyme å vaske hendene når eg kjem heim att; eg har blitt ein såpevasknevrotikar; tenk på alle dei som er døde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.