Mat

Heit høne

Alt du treng for å lage god kraft. Pluss litt salt og nokre peparkorn.
Alt du treng for å lage god kraft. Pluss litt salt og nokre peparkorn.
Publisert

Høna er ein god ven no i dyrtida. Men diverre vert altfor mange høner ikkje brukte til menneskemat, men blanda i betongen. Det er ein stor skandale, spør du meg – høna har krav på meir respekt enn som så.

«Kvar mann si høne», sa den munnrappe venstremogulen Lars Sponheim. Ein klok mann. Skal du få deg høne i dag, må du leite litt, men i litt større byar er det fullt mogleg å finne flotte eksemplar i så vel norske som asiatiske butikkar. Dei økologiske er noko mindre og slankare, som ho på biletet, men kjem òg med noko betre samvit.

Kva kan du gjere med høna? Spør heller kva du ikkje kan gjere. For dei som har ein saktekokar, tipsar eg gjerne om kva eg sjølv vel: Litt før leggjetid legg eg høna frosen i kokaren, saman med vatn til det dekkjer, nokre teskeier salt og bitar av sellerirot, gulrot og lauk pluss nokre laurbærblad. Så set eg temperaturen på låg, skrur tidtakaren på åtte timar og går lukkeleg til sengs.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement