Reportasje
Hekta på islandshest
ISLAND: Når Islands beste ryttar tek med seg den beste islandshesten til verdsmeisterskapen i utlandet, får ho ikkje lov å ta han med seg heim att.
Mette Camilla Moe Mannseth frå Oslo er hovudridelærar på universitetet og blant dei beste ryttarane på Island.
Foto: Harald Hognerud
Mette Camilla Moe Mannseth har funne draumelandet, og der handlar det om islandshestar heile dagen. Ho er både trenar, ryttar, ridelærar og oppdrettar.
Det fanst ikkje mange hestar der ho vaks opp – på Holmen på Oslos vestkant. Men no bur ho på den flotte garden Tufur ikkje så langt frå hestehovudstaden Saudarkrókur langt nord på Island, og det har ho gjort i nærare 20 år. Historisk har området vore eit hestemekka. Her er det mange som har islandshest, og det er mange konkurransar.
Frå garden er det fin utsikt mot Skagafjördur, og eit tital hestar beitar på markene. Om islandshesten er det sagt mange godord. Han er roleg, han verken sparkar eller bit. Han er sjarmerande, snill, tøff og seig, og kringom i verda har han fleire hundre venelag. I Tyskland er det over 170, medan det er 34 lag med i Norsk Islandshestforening.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.