JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Held Olav Nygard levande

Kva skjer når austlandskvinner oppdagar den store diktaren frå Modalen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nina Myking (t.v) og Bjørg Snerting i poesigruppa Kor i ord meiner det er fleire gode grunnar til å lesa Nygards dikt.

Foto: Ottar Fyllingsnes

5643
20240209
5643
20240209

ottar@dagogtid.no

Det er sundag i byrjinga av november, og døra til Mikaelkyrkja på vestkanten i Oslo står open. Det er allehelgensdag, og det er tid for å minnast dei som har gått bort det siste året. Inne er det tent stearinlys, og på programmet står dikt av Olav Nygard.

Kyrkja er fullsett med over seksti personar, og dei ti kvinnene i poesigruppa «Kor i ord» har teke plass lengst framme. Med seg har dei Alf Bjerke på fiolin og bratsj. Han sørgjer for å forsterka stemninga mellom dikta. Så står damene opp og les, det eine sterke diktet etter det andre.

Døydde for 100 år sidan

No i helga – søndag 11. februar – er det 100 år sidan Olav Nygard døydde av tuberkulose, berre 40 år gamal. Det skjedde like etter at Arne Garborg gjekk bort, den 14. januar 1924. Ei stund fekk Nygard bu hjå Arne og Hulda på Labråten i Asker, og ekteparet var svært viktig for han.

I går vart diktaren frå Krossen på nytt trekt fram i lyset i diktarheimen på Labråten. Der framførte Kor i ord Dikt for eit heilt liv for tredje gong. Det er Bjørg Snerting, opphavleg frå Inderøy i Trøndelag, som har teke initiativ til diktarportrettet og leia innøvinga enkeltvis og i kor. Ho har også skrive Rakels monolog, som gjev liv til diktarbiografien.

Ikkje så langt frå Labråten bur Nina Myking. Ho har austlandsdialekt og røter frå eit småbruk på Strilelandet. Idet eg går av bussen i Aspelunden, er tyskfødde Dorothea klar til å dra heim. Saman med Nina og Bjørg har ho øvd på opplesing av Nygard-dikt og diskutert uvanlege ord og uttrykk.

Det er mangt som ikkje er så lett å forstå, og i Dikt i samling frå 1984 finst det forklaring på om lag 400 ord som folk flest ikkje skjønar. Ein gong i veka i 15 månader har dei kome saman for å trena på opplesing av Nygards dikt og å øva på god talekunst.

Det er 22 år sidan leiaren i gruppa, Bjørg Snerting, oppdaga Olav Nygard. Då ho var 35 år, kjøpte ho Dikt i samling og las, men sidan vart dikta liggjande til mogning, heilt til poesigruppa etterlyste nytt stoff. I starten var seks damer med i gruppa, men med Nygard-prosjektet dukka det opp fire til.

Som litteratur- og nordiskstudent i Bergen for meir enn 40 år sidan las Nina Myking diktsamlinga Runemaal av Nygard og vart fascinert. I fjor var ho med på feiringa av Hulda Garborgs fødselsdag i Asker kulturhus, og der møtte ho Bjørg Snerting, som fortalde om Nygard-prosjektet dei var i gang med i poesigruppa. I august 2022 bestemte dei seg for å laga ei Olav Nygard-framsyning for å markera hundreårsdagen for diktarens død. Dette vart til eit diktarportrett med både solodikt, kordikt, forteljing og musikk.

Gjennom dikt, forteljing og musikk formidlar ti kvinner frå Oslo, Asker og Nesodden Olav Nygards dikt.

Gjennom dikt, forteljing og musikk formidlar ti kvinner frå Oslo, Asker og Nesodden Olav Nygards dikt.

Foto: Ottar Fyllingsnes

Ferdig på dødsleiet

I 1923 fekk Nygard gjeve ut diktsamlinga Ved vebande og omsetjingar av Robert Burns. Om diktboka skreiv Garborg: «Det er eit herlegt lite arbeid; høyrer til det beste og er, trur eg, det finaste me hev av lyrikk på norsk. ’Ved Vebande’ er eit meisterverk.»

Trass i tuberkulosen greidde Olav Nygard å gjera ferdig nokre halvferdige og nokre nye dikt dei siste sju vekene han levde.

– Han skaper bru mellom himmel og jord. Fleire dikt uttrykkjer hendingar i det oversanselege, og han blir såleis ein føregangsmann for Jon Fosse, som studerte litteraturvitskap samstundes med meg, seier Nina.

– Sjølv om diktet er skrive til sonen Sigurd (8 år), har eg forstått at det er om tida før sonen vart fødd. Det vart ferdig på dødsleiet, og sonen vart glad. «Er det meg du skriv dikt til, far?» spurde han. Og i framsyninga heiter det: «Ja, guten min, du skal få eit dikt som ingen son i verda har make til.» Diktet handlar om det ufødde barnet si reise ned til jorda.

– Er alle i poesigruppa like oppglødde for Nygards dikt?

– For dei tre som har eit anna morsmål enn norsk, er det hardt arbeid. Det er ikkje så lett når arkaisk nynorsk vert blanda med nyskapande språk. Då kan både uttalen og forståinga vera ei utfordring. Ho som er fødd i USA, les ein Shakespeare-sonett på engelsk, medan Bjørg les Nygards omsetjing. Me har også med eit Robert Burns-dikt som Nygard har omsett.

Han diktar ord

Nina Myking er lektor med hovudfagsoppgåve om Arne Garborgs Den burtkomne faderen.

– På den tida då Garborg og Nygard levde, var norske diktarar på høgd med diktarar ute i Europa. Eg tenkjer særleg på Garborg, men også på Nygard. Han er modernistisk i uttrykksforma, men har faste rytmar og eit grensesprengande biletspråk som er ekspresjonistisk. Han lét etter seg ei skattkiste med gamle ord som er gått ut av bruk, og han skapte nye ord som kunne vore meir i bruk. Det er ein rikdom, seier ho.

I over 30 år har Nina undervist i den vidaregåande skulen. Ho har analysert diktet «No reiser kvelden seg» og andre dikt av Nygard med elevane.

– Det var ikkje det språklege, men innhaldet elevane reagerte på. Elevane sperra opp augo og tykte det var spennande sentrallyrikk som handlar om dei store spørsmåla.

– Olav Nygard har vorte omtalt som «dødens diktar». Var han det?

– Mange av dikta hans handlar om døden, men han kan like godt kallast for kjærleikens diktar. Han skreiv om livet til sonen før han vart fødd, og han skreiv så vakkert om sol, vatn, eld, luft, skyer, planter, dyr og fjell. Eg vil kalla han ein kosmisk diktar. Det er like himmelnært som det er jordnært, seier Nina, og minnest eit Hulda Garborg-sitat om diktaren frå Krossen: «Vi har enno tid til å finna ljosglansen hans – og ta han att!»

I NRK-arkivet finst det to Nygard-program:
«Møte med Rakel Nygard», som er eit møte mellom Rakel Nygard, kona til Olav Nygard, og Kari Borg Mannsåker.
I 1984 laga NRK Hordaland eit
portrett av Olav Nygard.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis