Reportasje

Himmelblått

Sumarreisetips: Parker bilen på land og reis ut mellom tusentals holmar og skjer – med kajakk eller hurtigbåt.

Det er ikkje vanskeleg å finne ein god leirplass i det eventyrlege øyriket nord for Vega.
Det er ikkje vanskeleg å finne ein god leirplass i det eventyrlege øyriket nord for Vega.
Publisert

Eg sit i bilen på veg sørover. Eg starta i Tromsø for seks timar sidan – og er knapt halvvegs her eg susar gjennom Knut Hamsuns rike på Hamarøya. Kameratane mine som starta på Austlandet, har stuttare veg før me møtest i Sandnessjøen. Det er langt, dette landet.

Eg kjem til å tenkje på noko eg nyleg vakna til på klokkeradioen. Kristin Krohn Devold frå NHO Reiseliv var gjest i studio på Marienlyst og skulle forklare kvifor nordmenn såg ut til å velje Vestlandet framfor Nord-Noreg som feriestad i år. «Vestlandet er lett tilgjengeleg. Folk kan sette seg i bilen og ta med teltet», fortalde ho, på sitt vestnorsk med syngande austnorsk tonefall. Vestlandet «ligg jo litt nærare oss», forklarte ho, «enn dessverre Nord-Noreg gjer». Ingen i studio kom på å spørje henne: «Nærare for kven?»

Me er ute i god tid før ferjekaiane blir fylte opp av alle dei austlendingane som sannsynlegvis likevel ikkje blir skremde av avstanden til Nord-Noreg. Sumarvarmen har alt lagt seg over helgelandskysten. Og Yr har lova at han skal halde seg slik dei neste dagane.

Me er fem kompisar som legg frå kai i Sandnessjøen. Fire av oss har padla saman kvar sumar dei siste ti åra – det er spelemannsbonden Øystein Rudi, telemarkstrubaduren Odd Nordstoga og sørlandstrommisen Daniel Collett. I tillegg har me fått med oss helgelandshelten Hallvard Holmen.

Ulvangen ligg blank framfor oss. Sola står inn i Dønnamannen. Og når eg snur meg, kjem eg på verset til Petter Dass: «Ved Alstahougs Præstegaard findes at see/ Syv Søstre som flætter sine Lokker i Snee.»

Me sig inn Dønnsundet med lause åretak. Straumen går vår veg. Det er bra, for den gjennomsnittlege skilnaden på flo og fjøre er på heile 224 cm i desse traktene. Me har det ikkje travelt. Det er fire dagar til me skal ta hurtigbåten attende frå Vega. Då har me tid til å gå i land for ein kaffikok og ein is på kaia på Herøy.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement