JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Guten frå Bergen-Belsen

I mars i år opna Nederlands nasjonale holocaustmuseum i Amsterdam, byen som i 1940 hadde 80.000 jødiske innbyggjarar.

Den sju år gamle guten i Bergen-Belsen. Biletet er avfotografert i utstillinga, men dette er eit utsnitt som ikkje viser dei døde. Fotografiet vart først publisert i Time Magazine.

Foto: George Rodger

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12647
20240712
12647
20240712

I 1940 var det om lag 140.000 jødar i Nederland. Som Anne Frank var over 20.000 av dei flyktningar, hovudsakleg frå Tyskland, og 10. mai dette året blei dei igjen innhenta av det dei hadde flykta frå. Mindre enn 30 prosent av jødane i Nederland overlevde krigen. Slik sett kunne ein kanskje ha venta at eit museum over holocaust i Amsterdam hadde blitt etablert tidlegare enn til dømes Sveriges museum om Förintelsen, som opna første utstilling i mellombelse lokale i Stockholm sommaren 2023.

I alle landa Nazi-Tyskland okkuperte, utfalda drapspolitikken mot dei jødiske innbyggjarane seg ulikt. I Aust-Europa gjekk massakrane føre seg meir eller mindre openlyst som ein del av utryddingskrigen etter åtaket på Sovjetunionen sommaren 1941. Det motsette ytterpunktet i Vest-Europa var Danmark, der varsla om komande arrestasjonar vart gjevne av lokale tyske nazistyresmakter, som av fleire grunnar ikkje såg seg tente med arrestasjon og deportasjon av den jødiske befolkninga hausten 1943. Hadde dei vilja noko anna, ville utfallet ha vorte svært annleis, utan at dei mange sivile som hjelpte til under flukta til danske jødar, skal underkjennast av den grunn.

Likskapar og ulikskapar

Det er fleire likskapar mellom okkupasjonen i Noreg og okkupasjonen i Nederland. Den lovleg valde regjeringa og kongehuset i kvart land var i eksil, og begge landa fekk frå første månad etter okkupasjonen ein Reichskommissar som vart sitjande som øvste sivile leiar for okkupasjonsmakta heilt fram til frigjeringa. Desse to likna kvarandre av utsjånad òg, med sine karakteristiske briller.

Reichskommissar Josef Terboven sprengde seg sjølv med fem kilo dynamitt på Skaugum 8. mai, medan Reichskommissar Arthur Seyss-Inquart lét seg ta til fange og blei avretta i 1946. I Nederland fekk det lokale nazipartiet NSB aldri den same politiske rolla som NS fekk i Noreg, men i begge landa opplevde partiet ein stor auke i medlemstala.

Dei ti knappane frå Sobibor.

Dei ti knappane frå Sobibor.

Foto: Mads Tangestuen

I Nederland utgjorde jødane 1,6 prosent av ei befolkning på 9 millionar, i Noreg 0,07 prosent av ei befolkning som nådde 3 millionar i løpet av krigen. Tiltaka mot jødane frå okkupantane vart difor meir synlege for folk flest i Nederland. Gjennom innføring av stadig nye lover sytte okkupantane for gradvis å isolere den jødiske befolkninga frå resten av samfunnet i større grad enn i Noreg.

I slutten av februar 1941 førte tiltaka mot jødane, inkludert arrestasjonar av fleire hundre jødiske menn, til ein storstreik i Amsterdam. Trikkeførarane var dei første til å streike. Eit tilsynelatande paradoks, sidan trikkeselskapet i byen etter kvart vart involvert i deportasjonen av dei fleste jødar frå Amsterdam, inkludert Anne Frank og hennar familie.

Streiken involverte til slutt over 300.000 arbeidarar, men varte i berre to dagar før han vart brutalt slått ned av tysk politi og to SS-regiment. Fire av hovudpersonane blei avretta, mange fleire vart arresterte. Reichskommissar Seyss-Inquart åtvara om at ei gjentaking ville bli svart nådelaust. Ein sivil aksjon av ein slik storleik vart aldri meir gjennomført så lenge krigen varte.

Då 25.000 arbeidarar i Oslo demonstrerte mot bortfall av mjølk på arbeidsplassane hausten 1941, blei klubbformannen Rolf Wickstrøm og LO-juristen Viggo Hansteen avretta, og ein liknande protestaksjon vart heller aldri gjennomført i Noreg.

Geografiske føresetnader

Då jødar i Nederland vart pålagde å bere gule stjerner merkte JOOD på kleda sine våren 1942, hadde dei alt mista så godt som alt rettsvern. Deportasjonane starta for fullt same sommar. Fastlands-Noreg er åtte gonger så stort som Nederland. I tillegg har vi ei 163 mil lang grense til Sverige. Sjølv om rundt 800 nordmenn vart avviste på grensa i første del av krigen, slapp i praksis alle som klarte å ta seg til grensa, inn på svensk side frå november 1941.

Dei geografiske føresetnadene for flukt var mildt sagt ikkje like gunstige i Nederland, med grenser berre til Nazi-Tyskland i aust og det okkuperte Belgia i sør. Vegen over Nordsjøen til Storbritannia var mykje kortare enn frå Noreg, men farvatnet var i langt større grad overvakt.

Over 3000 nordmenn kom velberga over Nordsjøen før englandsfarten vart effektivt stansa med nedbrenninga av tettstaden Telavåg våren 1942. Av omkring 2000 nederlendarar som prøvde seg på det same, lukkast berre 10 prosent. Som i Noreg vart englandsfarten øydelagd av eit effektivt dobbeltspel frå lokale agentar i tysk teneste.

For jødar som i første omgang kom seg unna arrestasjon i Nederland, vart difor einaste sjanse å gå i dekning. Men det vart ført ei intensiv jakt på dei. Som i Noreg vart det lokale politiet ein viktig reiskap for okkupantane. I tillegg oppstod ei gruppe, nærast private entreprenørar, som snuste opp skjulestader og innkasserte betaling for einskildpersonar og familiar som vart funne. I Nederland vart desse kort og godt kalla «jødejegerar». Ei slik gruppe, som kan minne om Rinnanbanden, spora opp 9000 jødar i Nederland åleine.

Lokal medverknad

I Noreg hadde ikkje jødar lov til å busetje seg før i 1851. I Nederland, derimot, strekkjer jødisk historie seg over 400 år tilbake i tid. Alt på 1930-talet fekk Amsterdam eit jødisk museum, men frykt for at fem år med jødisk død skulle overskyggje 400 år med jødisk liv, har blant anna ført til at holocaust ikkje har hatt ein vesentleg plass i utstillingane.

Som i Noreg tok det tid før landets eigne statsborgarar som medverka til holocaust, i større grad vart tekne med i historia om okkupasjonen. Anne Franks dagbok vart for dei fleste også forteljinga om holocaust i Nederland, og i den forteljinga er sivile nederlendarar berre gode hjelparar.

Utstillinga i det nye museet bruker derimot god plass på å formidle alle nyansar av lokal kollaborasjon under holocaust, frå dei som utførte arrestasjonane, til dei som tente på deportasjonane. Her vert enkelte menneske identifiserte og personifiserte langt ned i hierarkiet på ein måte ein ikkje har gjort i norske utstillingar, som kvinnelege vakter i leirane og ein far og to søner som alle var med på å spore opp jødar i dekning.

Det nye museet er ein såkalla stadsspesifikk minnestad, altså er plasseringa ikkje tilfeldig. Museet er bygd som ein del av ein gamal lærarskule, rett over gata frå det tidlegare teateret Hollandsche Schouwburg. Då arrestasjonane vart sette i gang for fullt, vart teaterbygget ein oppsamlingsstad for nyleg arresterte før deportasjon vidare.

Rundt 46.000 menneske, nesten halvparten av dei deporterte frå Nederland, vart førte hit. Sanitærtilhøva var elendige. Nokre vart verande i eit par dagar, andre opp mot ei veke. Hit førte «jødejegerane» dei som vart spora opp, og her fekk dei løna for kvar person dei kom med.

Dei tidlegare klasseromma i den tidlegare lærarskulen rommar no dei ulike museumssalane. Skulen representerer i seg sjølv eit anna ytterpunkt i historia. Vegg i vegg låg ein barnehage der dei minste borna til arresterte jødar vart skilde frå foreldra. Lærarar og studentar klarte i denne perioden å smugle ut over 600 born, som vart gøymde hos ikkje-jødiske fosterforeldre.

Dehumanisering

I utstillinga er det utvalde personhistorier som ber forteljinga, med vekt på livet deira før overgriparane innhenta dei. Nokre få gjenstandar representerer liva til desse personane. Digitale fotografi går gradvis, nesten umerkeleg, frå originalt svart-kvitt over i fargar og så tilbake att.

Det har vore eit uttala ønske om å lage ei estetisk vakker utstilling for at personhistoriene skal presenterast så verdig som mogleg. For å synleggjere mengda av lovreguleringar som gradvis isolerte den jødiske befolkninga frå majoriteten, med alt frå utestengingar frå yrkesliv og utdanning til at jødar ikkje fekk lov til å eige syklar, er fleire av veggene tapetserte med alle lovreguleringane. Ei liknande framstilling finn ein i Jüdisches Museum Berlin.

Rehumanisering

Mange av dei over hundre tusen drepne etterlét seg få spor. Fleire av jødane frå Nederland vart myrda i drapsleiren Sobibor søraust i Polen. Sjølv denne leiren finst det få spor etter, fordi leiren vart jamna med jorda og freista skjult under den tyske tilbaketrekkinga. I tillegg låg området bak jarnteppet i 50 år.

I nyare tid har historikarar og arkeologar freista å danne seg eit bilete av korleis leiren var oppbygd. På staden der fangane måtte kle av seg før dei vart sende i døden, er det grave fram ei rekkje knappar frå dei sivile kleda til ofra. Sjefskurator for utstillinga, Annemiek Gringold, plukka ut ti ulike knappar som museet fekk låne. Dei skal symbolisere dei namnlause individa som vart drepne i leiren. Knappane var noko av det siste fingrane deira rørte ved før dei blei drepne. Gringold oppmoda utstillingsarkitektane om å stille ut knappane som om dei var dyre juvelar.

5000 jødar frå Nederland overlevde leirane. Siste del av utstillinga tematiserer dei overlevande sin veg tilbake til livet, blant anna med ein film som viser korleis ei gruppe tidlegare fangar får tilgang til ordna sanitærtilhøve og sjølve får velje seg ut sivile klede. Ei liknande framstilling av vegen tilbake til livet finn ein også i den faste utstillinga i Yad Vashem i Jerusalem. Denne delen strekkjer seg fram til dei overlevande sitt ynske om å få forteljingane sine inkluderte i den breiare historia om okkupasjonen i Nederland.

Framvising av det brutale

Det aller første som møter ein på denne utstillinga, er eit bilete frå frigjeringa av konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen i Nord-Tyskland. Ein liten gut går mot fotografen, på den venstre sida ligg rekkjer med halvt avkledde og radmagre lik. Guten ser på fotografen, men vender andletet bort frå dei døde.

Bruken av slike bilete har vore omdiskutert blant kuratorar i mange år. Brutale bilete og film i stort format var vanlegare før, som ved den første holocaustutstillinga til Imperial War Museum i London frå 1999 og HL-senteret si faste utstilling frå 2006. Den første er fornya, den siste vil snart bli det.

Viktige motførestillingar mot å syne slike bilete er at dei ofte er tekne av overgriparane, og at dei avbilda ofte vert framstilte på det mest fornedrande vis under mishandling og valdeleg død eller som namnlause og forvridde lik. Bruken av slike bilete set også ei klar aldersgrense på kven som kan vitje utstillinga.

Argument for bruk er at museum ved sjølvpålagd sensur medverkar til å skjule nettopp det mordarane sjølve freista å skjule. Diskusjonane handlar i alle høve mest om korleis slike bilete blir brukte, ikkje om dei kan brukast. Ved det jødiske museet i Warszawa (POLIN) er dette løyst ved at bileta vert synte fram i det originale formatet, som små fotografi.

Slike fotografi finst ikkje i holocaustutstillinga til Jødisk Museum i Oslo. I tillegg finst det ingen bilete av norske eller tyske overgriparar på veggene. Overgriparane finst i kjeldepermar som publikum kan bla i. Museet er òg eit kulturhus, og utstillingsrommet vert nytta til mellom anna konsertar og feiring av jødiske høgtider. Utstillingsflatene er difor øyremerkte til dei jødiske familiane utstillinga fortel om.

Frå utstillinga.

Frå utstillinga.

Foto: Mads Tangestuen

Som alltid er sjølvsagt samanhengen viktig. Vurderingane bak bruken av biletet frå Bergen-Belsen er gode. Det er ikkje først og fremst eit bilete av døde menneske for å illustrere holocaust. Fotografiet har eit direkte samband med holocaust i Nederland. Den vesle guten på biletet var sju år då han hamna på filmrullen til fotografen. Han vart avbilda i sivile klede som britiske soldatar hadde beslaglagt frå den tyske lokalbefolkninga for at dei overlevande skulle bli kvitt fangedraktene.

Biletet vart først publisert i Life Magazine 7. mai 1945, men den delen som viste dei døde, var då retusjert. Guten og andletet hans var godt synleg, og onkelen hans i USA kjende han straks att som Sieg Maandag, ein jødisk gut frå Amsterdam, deportert frå Nederland saman med søstera og foreldra i 1944. Onkelen hadde fått kontakt med mora til Sieg, som hadde kome seg tilbake til Amsterdam, og med bileta han sende henne, klarte ho å gjenforeinast med begge borna sine. Faren til Sieg overlevde ikkje.

Sieg sjølv vart kunstnar. Han reiste over store delar av verda, og gjennom måleri og keramiske uttrykk kom han fleire gonger tilbake til fotografiet frå Bergen-Belsen. Sjølvportretta han måla, synte alltid eit andlet vendt til sida, slik som i april 1945.

Mats Tangestuen

Mats Tangestuen er fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo og fast skribent i Dag og Tid. Han har i fleire år vore styremedlem i Association of European Jewish Museums, saman med Emile Schrijver, direktøren for det nye holocaustmuseet i Amsterdam.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis