JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Historia om ein flyktning i Europa

Kva er ein russar, jøde eller nordmann? Når Europa blør, vert dette eit spørsmål om liv og død. Slik var det for hundre år sidan, og slik er det i dag.

Isak Steinberg (1889–1960) vart fødd i Kurland i dagens Latvia og det som då var Tsar-Russland. Registreringsfoto frå Midt-Noreg frå perioden 1903–1922, kolorert av redaksjonen.

Foto: Trondheim Politikammer / Justismuseet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8869
20240809
8869
20240809

Biografi

atle.gronn@ilos.uio.no

Menneske på flukt frå krig må skipa ein ny identitet i eit nytt land. Isak Steinberg lukkast gong på gong i nye heimland med ein ukueleg optimisme, men den konstante flukta gav han arr i sjela. Sjølv til dei næraste tala han ikkje om den dramatiske livshistoria.

I familien til Simen Agdestein (f. 1967), vår fyrste sjakkstormeister, som òg var landslagsspelar i fotball, var Steinberg nesten ein familieløyndom. Vi, dottera til Simen og biografen hans, har grave i fortida og arkiva for å kunna forstå Isak Steinberg og reisa hans.

Simen Agdesteins morfar, Reidar Jørgensen, fekk i 1929 Egebergs ærespris for framifrå sportsresultat i lauping og skiidrett. Så der har vi spira til fotballspelaren Simen. Men kvar kjem sjakktalentet frå? «Frå Latvia», seier Simen lakonisk.

Norske styremakter skjøna aldri kvar Isak Steinberg, Simens ukjende biologiske farfar, eigenleg kom frå. At han var jøde, var det rett nok inga styremakt som nokon gong tvilte på.

«Livshistoria til Isak Steinberg er ei påminning om kampar ein har mått kjempa i Europa – og kampar mange framleis må kjempa.»

Isak Steinberg vart fødd i 1889 i ein landsby i Kurland, sørvest for Riga-bukta i dagens Latvia og det som då var Tsar-Russland. Over halvparten av innbyggjarane i landsbyen var jødar på midten av 1800-talet. Hundre år seinare var talet null.

Familien til Steinberg hadde tysk som morsmål, men dei nytta òg ein dialekt av jiddisk. Steinberg tala dessutan administrasjonsspråket russisk og sannsynlegvis latvisk.

Som ung mann hamna han midt i stadige kampar mellom revolusjonære krefter og tsarlojale kosakkar. Tsaren gav alltid jødane skulda for kaoset. Steinberg byrja flukta til fots. Han kom seg etter kvart med båt over Austersjøen til Sverige og seinare til Danmark, der han gjekk i gullsmedlære i København.

I revolusjonsåret 1917 drog Steinberg nordover med eit handelsskip og hamna i Vardø, ikkje langt frå grensa til Russland. Han freista lukka langs kysten i den russisk-norske pomorhandelen, som hadde djupe røter i Nord-Noreg.

I 1918 kom den fyrste av fleire farskapssaker. På same tid byrja norsk politi å trakassera Steinberg. Lovbrotet var at han «flakker omkring og driver handel med uforholdsmessig fortjeneste». Trondheim politikammer noterte dessutan at Steinberg var «russisk undersått», noko som ikkje var gunstig i ei tid med stor russarfrykt.

Steinberg fekk i desember 1919 avslag frå politiet på ein søknad om å dra på ei handelsreise til Kristiania. Steinberg drog i staden friviljug til Murmansk. I Nord-Noreg sat nok ei jente gravid, som ein kan lesa litt seinare i Vardø kyrkjebok frå 1920: «[Faren], som det vel ikke er lett at faa fat i, er en kjøbmand Isidor Steinberg, Murmansk, Russland.» Steinberg var attende i Nord-Noreg som papirlaus flyktning og vellukka forretningsmann frå september 1920.

Steinberg vart aldri deportert, då norske styremakter ikkje fann ut kva for eit land den jødiske mannen skulle sendast til: Alternativa var Litauen (som rett nok låg sør for Kurland), det borgarkrigsherja Russland eller Latvia, som vart sjølvstendig fyrst i 1918 og vann kontroll over Kurland i 1920. Noreg freista stempla Steinberg som «litauar», «latviar» eller «russar», men ingen ynskte å ta imot Steinberg, og Justisdepartementet gav til slutt opp.

Reidar Agdestein (son av Steinberg) og Simen Agdestein (soneson) i 1984.

Foto: Rolf Chr. Ulrichsen

Det einaste Steinberg sjølv skulle fortelja frå denne turbulente tida, var at han som handelsmann i nord reiste rundt med ein tam russisk bjørn…

I 1927 kom to nye farskapssaker. Isak vart far til Reidar (Simens far) i Vardø. Mora til barnet fekk snøgt nyss om at den beste veninna hennar òg var gravid med den same mannen. Farmora til Simen forlét Vardø djupt fortvila og drog til systera si på Stord. Her møtte ho Reinert Agdestein, og dei gifta seg. Ingen snakka om kven som var den biologiske faren til den vesle krabaten som skulle veksa opp på Vestlandet.

Isak Steinberg hadde i mellomtida endeleg kome seg til hovudstaden, der han fann seg ei 15 år yngre jødisk kone, Rebekka Levin. Dei budde fyrst på Grefsen, før dei kjøpte seg inn i Lakkegata 15 på Grønland. Dei fekk to barn. Damesjarmøren Steinberg, som hadde fått fire born med fire ulike kvinner frå Trondheim og nordover, var no ferdig med ungkarslivet og hadde meldt seg inn i det mosaiske trussamfunn.

Steinberg hadde stor suksess med ei tekstilforretning i Lakkegata og levde eit godt liv med både bil og skrivemaskin. Utan å orientera den nye familien sin sende den etter kvart ganske rike mannen uregelmessige «barnebidrag» til familien Agdestein på Vestlandet. Steinberg gav òg pengar til ei rad gode føremål, melde Hatikwoh, eit månadsblad for jødar i Noreg.

Så kom krigen. Steinberg hamna på Grini sumaren 1941, eit obligatorisk, men kort fangenskap for statslause jødar. Då trakasseringa auka, sette den elles fåmælte kona Rebekka til slutt foten ned: «Vi må vekk.» Optimisten Isak hadde i det lengste ei von om at alt ville ordna seg, men no byrja førebuingane til den siste flukta hans. Han selde unna eigedelar og samla 150.000 kroner i kontantar, ein enorm sum i 1942. Berre to–tre jødiske familiar flykta frå Noreg med så mykje pengar i bagasjen, fortel historikaren Bjarte Bruland.

Steinberg kom seg unna i siste liten, i oktober 1942, berre ein månad før dødsskipet Donau forlét Oslo med «Last: jøder». Steinberg-familien på fire vart frakta til Halden, der dei fekk ein robåt. Isak rodde for livet, og familien kom seg til Sverige i tryggleik.

Sannsynlegvis hadde Steinberg kontaktar i Heimefronten gjennom svartebørsen. Leilegheita i Lakkegata vart seld proforma, noko som tyder på at Heimefronten stod bak. Den ansvarlege for jødebuet etter Steinberg informerte Likvidasjonsstyret for inndratte jødiske formuer den 1. desember 1942 om at «Butikken i 1ste etasje har han solgt. Herr Steinberg er forsvunnet, og pengene har jeg ikke kunnet finne. Heil og sæl».

At Steinberg tok med seg så mykje pengar, syner at han ikkje planla å returnera til Noreg, meiner Bruland. Men i Sverige fekk flyktningane berre veksla inn 600 kroner i månaden, som var summen den norske eksilregjeringa garanterte for. Steinberg omgjekk loven gjennom ulike mellomledd og transaksjonar som vart registrerte i ei solid mappe hos svensk politi.

Etter krigen måtte gamle Steinberg byrja på berr bakke i forretningslivet, men lukkast nok ein gong med å etablera seg i tekstilbransjen i Stockholm. Han byrja snakka svensk (sitt tredje skandinaviske språk etter dansk og norsk), medan kona Rebekka heldt på norsken livet ut.

Steinberg var glad i kortspel, særleg poker. Han var ikkje ein intellektuell som las bøker, men han var smart, kreativ og optimistisk – med vilje til å ta risiko. «Han gjorde mange riktige val, og må ha vore litt av ein type», kommenterer historikaren Bruland, Noregs leiande ekspert på lagnadene til norske jødar under krigen. Bruland har lenge kjent til ulike detaljar om Steinberg: «Ein gong eg sat på Riksarkivet i Stockholm med mappa til Steinberg, kom plutseleg ein arkivar bort og sa at Evald Steinberg, son av Isak og Rebekka, var ute i same ærend. Evald studerte den tjukke mappa til faren og vart nok overraska over både dei økonomiske krumspringa til Isak og straffereaksjonane frå politiet.»

Far til Simen, Reidar Agdestein, møtte aldri Isak Steinberg. Han fann fram til adressa i Stockholm ein gong på 1950-talet, men snudde i døra utan å ringja på.

Då Steinberg døydde i juni 1960, 71 år gamal, torde Reidar endeleg å ta kontakt. Enkja Rebekka konstaterte med ein gong kor lik den ukjende sonen var Isak. Ho lytta til historia hans før ho kom med eit lite kontrollspørsmål: «Spelar du sjakk?» Der og då tok Reidar Agdestein avgjerda om å føra sjakktradisjonane vidare i familien Agdestein.

Dokument frå norske og svenske statsarkiv gjev nokre glimt inn i Isak Steinbergs liv. Vi finn antisemittisme og framandfrykt kamuflert i eit absurd danna og byråkratisk språk.

Når tidsvitna døyr ut, og nye generasjonar veks opp i eit fritt og demokratisk Noreg, forsvinn òg minna og røynsla frå denne delen av historia.

Livshistoria til Isak Steinberg er ei påminning om kampar ein har mått kjempa i Europa – og kampar mange framleis må kjempa. Det er ei forteljing om lagnaden til eit enkeltindivid som flykta frå krigar og ekstreme ideologiar som prega det europeiske kontinentet i det førre hundreåret. At han overlevde og vann kampane sine, er større enn nokon idrettsprestasjon.

Elise Agdestein er statsvitar frå Science Po, Paris. Atle Grønn er professor i slaviske språk ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Teksten spring ut av arbeidet med boka Sjakken som var. Fortellingen om Simen Agdestein og hans tid (2023) av Atle Grønn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis