JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Når kom Amundsen til Sørpolen?

Denne teksten svarar på eit spørsmål som svært få har stilt, og gir ei innsikt som få får nytte av – før 200-årsjubileet for Roald Amundsens sørpolerobring skal markerast i 2111.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Biletet Olav Bjaaland tok på Polheim, den fremste minnestaden for Roald Amundsens erobring av Sørpolen.

Biletet Olav Bjaaland tok på Polheim, den fremste minnestaden for Roald Amundsens erobring av Sørpolen.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Biletet Olav Bjaaland tok på Polheim, den fremste minnestaden for Roald Amundsens erobring av Sørpolen.

Biletet Olav Bjaaland tok på Polheim, den fremste minnestaden for Roald Amundsens erobring av Sørpolen.

Foto: Nasjonalbiblioteket

15132
20240405
15132
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

harald.dag.jolle@npolar.no

«Hele verden minnes i dag Roald Amundsen». Aftenposten hadde rydda framsida, og nesten heile avisa den 14. desember i 1928 vart nytta for å heidre Amundsen: «Ingen var som ham! Ingen», skreiv dei på leiarplass.

Det vart inga gravferd, for det fanst ikkje noko lik. Den store polarhelten hadde forsvunne i havet ein stad då han reiste nordover frå Tromsø med flybåten «Latham» 18. juni 1928. Lenge var det håp om at han skulle dukke opp att frå isøydet, som han hadde gjort tidlegare. Men etter som veker og månader gjekk, og vrakdelar frå «Latham» vart funne langs norskekysten, måtte sjølv dei største optimistane gje opp håpet.

Regjeringa avgjorde at 14. desember skulle vere nasjonal minnedag, med to minutts stille klokka tolv. Valet av dato var naturleg. «Den 14 desember – da vårt skjønne flagg blev plantet på jordens sydligste punkt – skal være hans hedersdag», meinte Aftenposten, som tok til orde for at dagen ikkje berre skulle markerast i 1928 – men i «alle år fremover sålenge nordmenn lever».

Sørpoldagen vart markert med stor kraft i heile landet i 1928. Og han har vorte feira sidan. I 1961, 50 år etter sørpolferda, var Universitetets aula fylt til randa, med kong Olav i fremste rekkje. Kinoane hadde premiere på filmen Roald Amundsen, fjernsynet hadde eiga spesialsending, og i Tromsø avduka dei Amundsen-statuen på Prostneset. I 2011, 100 år etter sørpolerobringa, vart 14. desember igjen den sjølvsagde datoen for den største festen: Kronprins Haakon stod på scenen under folkefesten i Tromsø, og frå sjølve polpunktet i sør dukka statsminister Jens Stoltenberg opp på storskjerm.

Men er det rett å markere 14. desember som dagen Amundsen og hans menn kom til Sørpolen?

Kappløp i gamle spor

I 2011 var eg med på den såkalla jubileumsekspedisjonen til Sørpolen, saman med Vegard Ulvang, Stein P. Aasheim og Jan-Gunnar Winther. Me skulle bli dei fyrste som kopierte Amundsens rute inn til Sørpolen – altså dei fyrste til å bli nummer to. Det var mykje prestisje – og ein del støy rundt ekspedisjonen, sidan direktør Winther på Norsk polarinstitutt hadde prioritert å bruke tida si på ei slik ferd i staden for å vere på kontoret.

Men det offisielle Noreg tykte det var ein så god idé at statsministeren ville reise sørover for å markere Amundsen. Stoltenberg skulle til og med kome ut og overnatte i telt saman med oss den siste natta, før me, etter planen, skulle gå side om side mot sørpolkula, nøyaktig på timen 100 år etter at Amundsen hadde kome hit. Deretter skulle det vere ein stor fest saman med amerikanarane som driv forskingsbasen på Sørpolen. Både NRK, TV 2 og Aftenposten hadde teke turen. Alt var planlagt til minste detalj.

Alt unnateke vêret. På verdas kaldaste og mest ugjestmilde kontinent hadde tilhøva gjort at me kom sterkt forseinka til startstreken. Det vart ganske raskt klart at me vanskeleg kunne klare å gå inn igjen det tapte, slik at me ville rekke å delta på markeringa 14. desember. Men det stod ikkje på innsatsen – det kan eg love – for me gjekk det reimar og tøy kunne halde.

Kvar kom dei 14. desember?

«Så rakk vi da fremm å fikk plantet vårt flagg på den geografiske sydpol», skreiv Amundsen i dagboka. «Gudskjetakk!». Det var «Freda 15 decbr», og «Kl. var 3 emd., da dette hennte». Amundsen trudde altså at dei hadde kome til polen 15. desember. Men det skulle vise seg at karane på ekspedisjonen hadde gløymt å stille kalenderen då dei passerte datolina på veg sørover med «Fram».

Det er ikkje godt å seie kva tid dei vart klare over at dei hadde gløymt dette. Men då sledeferda til Sørpolen var gjennomført, og ekspedisjonen kom attende til busett land i Australia 7. mars i 1912, sende Amundsen eit telegram heim om storhendinga: «Polen naaet fjortende syttende December nitten elve. Alt vel. Roald Amundsen.»

Og i den fyrste forteljinga han skriv frå ekspedisjonen, som kom på trykk i Aftenposten og Tidens Tegn eit par dagar seinare, hevda han at dei nådde polen «den 14de December». Men, og det er nesten litt komisk, då Amundsen seinare gav ut ekspedisjonsskildringa, Sydpolen, i to bind, var framkomstdatoen til polpunktet 15. desember. Altså same dato han nytta i dagboka. Denne feilen oppdaga han ein gong etter at store delar av boka Sydpolen alt var ferdig i trykken, for på side 172 i bind to la han ein kommentar til lesaren: «Da der ikke forandredes datum ved passeringen av den 180de længdegrad paa ‘Fram’s færd til Hvalbugten, maa alle data i dette kapitel rettes en dag tilbake.»

Denne datoforskyvinga er altså for lengst rydda opp, og det er ikkje tvil om at dagen dei fem karane planta flagget, «som blafra so silkeduken rivna», var 14. desember 1911.

Men kvar var dei eigentleg denne dagen? Hadde dei kome fram til Sørpolen? Eller «Sudpolen», for å nytte skriveforma til Olav Bjaaland – som noterte følgjande: «Sudpolen rak me 1/2 3 i dag. Trøyte og soltne. Gud skje tak for me naa hev mat nok for tilbaketuren.» Før han la til: «Her er slet som paa Morgedalskjønni og godt skiføre.»

Nei, dei kunne ikkje vite nøyaktig at dei hadde nådd polpunktet. I 1911 var det ikkje berre å kikke ned på GPS-en for å finne ut kvar dei var. Dei nytta sekstant. Med eit slikt instrument målte dei vinkel til sola i høve til horisonten, og med utgangspunkt i nøyaktig klokkeslett kunne dei rekne ut ganske presist posisjonen. Men det føresette at dei kunne sjå sola. Problemet var at det var overskya på Sørpolen 14. desember i 1911, slik at dei berre fekk «ein daarlig upservation» klokka to, då sola viste seg i eit glimt.

Helmer Hansen fotograferte kameratane sine på «Slædevarde», staden dei etter kvart skjøna ikkje låg nær nok polen.

Helmer Hansen fotograferte kameratane sine på «Slædevarde», staden dei etter kvart skjøna ikkje låg nær nok polen.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Frykta konkurranse

Det er liten tvil om at Amundsen og karane hans frykta at Robert Falcon Scott og britane skulle ha kome før dei til polpunktet, for som Hassel skreiv i dagboka: «Var man ikke de første ved Sydpolen, kunne man likeså gjerne holde seg hjemme.» Dei speida difor intenst i kikkertane etter teikn til liv. Men Amundsen kunne raskt konstatere: «Vi ær nåkk di første på stede.» Bjaaland var også trygg på det: «de er de store at me er her som første mann.»

Sjølv om dei ikkje kunne stadfeste posisjonen sikkert, feira dei framkomsten til verdas sørlegaste punkt med selbiff, pemmikan, sjokolade og kjeks – og ifølgje Bjaaland åt og drakk dei «i overflod de som me hev magta». Amundsen fann fram pipa og fekk sin fyrste blås på turen. Medan Bjaaland tenkte på dei heime: «Ja viste du mor og du Saamund og du T. og Svein og Helga og Hans, at eg nok sit her paa S.polen og skriv, so kom de væl till at feste for meg.»

Dagen etter, 15. desember, gjekk Wisting, Hassel og Bjaaland 20 kilometer ut i kvar si himmelretning for å sirkle inn området. Samstundes hadde det klarna «up til fagraste solsjinvær, so observatørene spring i kros med sine instrumenter for at bestemme staden». Dei fann då ut at det «var something rotten med bredden», som Hassel formulerte det i dagboka. Dei hadde stoppa på 89 grader 54 minutt sør.

Neste dag ville dei difor halde fram «paa leit etter polpungtet», slik at dei kunne sikre at «rette prikken av polen bli teken», for igjen å sitere samtidsvitnet Bjaaland.

Amundsen ville tvillaust vere heilt sikker på at ingen kunne trekkje i tvil at ekspedisjonen faktisk hadde vore på Sørpolen. Han kjende sjølvsagt godt til disputten som raste i samtida mellom Robert Peary og Frederick Cook – om kven, om nokon, som hadde vore på Nordpolen.

16. desember flytta dei leiren «de resterende 10 kilometer». Dei kom fram klokka 11 om formiddagen, og etter eit døgn med intense målingar hadde dei, ifølgje Amundsen, «tat observationer saa nær polen som det stod i menneskelig magt at gjøre det med de instrumenter, som stod til vor raadighet». Men som ein ekstra tryggleik sende han ut Bjaaland og Helmer Hansen, for, om mogleg, å «komme polpunktet nogen millimeter nærmere».

Matematiske utrekningar i ettertid viste at Polheim låg «knapt 3 km. fra Sydpolen», og at dei to karane sannsynlegvis hadde passert «polpunktet i faa hundrede meters avstand, maaske endnu nærmere».

«Amundsen var elleve timar etter GMT, medan newzealandsk tidssone er tolv timar før GMT.»

Polheim

11. desember 100 år seinare innsåg fire utmatta skiløparar at me neppe kom til å rekke festen som skulle vere midt på dagen 14. desember. I vekevis hadde me halde eit høgare tempo enn me eigentleg var karar for. Stein sleit med sjukdom, og Jan-Gunnar sleit med at han hadde ein jobb å gjere på Sørpolen: Når statsministeren tok den lange turen for å markere polarnasjonen Noreg, burde Jan-Gunnar som direktør på Polarinstituttet vere der.

Me vart einige om å gjere eit siste desperat forsøk. Det burde kunne vere mogleg å gå dei tolv siste mila meir eller mindre i eitt strekk, sa me til kvarandre. Me kunne ta oss tid til å stoppe og ete, men trong vel ikkje sove? 100 år tidlegare låg Amundsen på 89 grader 15 minutt på denne dagen. Han kunne enkelt berekne at dei då var «3 dagsmarscher fra vårrt mål.» Hadde me berre hatt ein ekstra dag!

Og det hadde me jo eigentleg! Me hadde jo faktisk to, om me legg til grunn at ekspedisjonen i 1911 ikkje kom fram til sjølve polpunktet før 16. desember.

Men dette skjønte eg fyrst nyleg, då eg skreiv eit kapittel om Sørpolen til ei bok som kjem til hausten. Eg las opp att Amundsens ekspedisjonsbok og dagbøkene til Amundsen, Bjaaland, Hassel og Wisting, og vart meir og meir overtydd om at ein bør rekne sørpoldagen til den 16. desember. Eg diskuterte saka med Anders Bache, som forvaltar Amundsens heim på Svartskog. Han kunne sende meg nokre kart som viste dette endå tydlegare. Her heiter staden Amundsen nådde 14. desember, «Slædevarde», medan punktet dei kom til 16. desember, har fått namnet «Polheim».

Kvifor har me markert dagen for då Amundsen kom til «Slædevarde», og ikkje då ekspedisjonen kom til «den norske leir på Sydpolen», som Amundsen døypte Polheim? Det var her dei sette opp det ikoniske teltet med eit blafrande norsk flagg og ein vimpel med «Fram» i toppen – som stod og peika nase til Scott og hans menn då dei kom fram ein månad seinare.

Det var her dei tok det verdskjende biletet med fire menn som står med lua av og ser på det vesle pyramideteltet. Eit bilete som framfor noko har vorte minnestaden frå Sørpolen. Og det var i dette teltet Amundsen la igjen det vidgjetne brevet til kong Haakon og skreiv ei helsing til Scott – som han «antok vilde bli den første til at finde stedet».

Dagen etter, 17. desember, snudde dei seg mot Polheim og sa farvel til «vort hjem og vort flag». Det var eit «høitidelig øieblik», skreiv Amundsen i Sydpolen. I dagboka var tonen meir kvardagsleg: «Å så farvel, kjære pol – vi sees nåkk ikke mer.»

Kapplaupet 100 år etter

Tilbake til 2011. Den gongen var det ingen som problematiserte kva for ein dato som skulle feirast. Langspurten vår varte i 17 timar. Då var det bråstopp. Og åtte mil att til Sørpolen. Me slo leir. «Vår fineste dag hæråppe», skreiv Amundsen 100 år tidlegare. Tenk om eg kunne sagt det same.

Etter fire timar i soveposen vakna me med eit smell av ein Twin Otter som landa rett utanfor teltet. Jan-Gunnar og Stein skulle flyge inn til seremonien. Eg og Vegard skulle føre skispora heilt fram – og kunne nytte den tida som var naudsynt.

Den gamle OL-vinnaren og eg hadde like fullt såpass konkurranseinstinkt at me ville prøve å kome fram på sjølve dagen. Det ville seie før midnatt til 15. desember. Men når på døgnet er eigentleg det? Eller rettare: Kva for tidssone skal ein leggje til grunn? På Sørpolen, der alle jordas lengdegrader møtest i eitt geografisk punkt, kan du i prinsippet velje den tidssona du ynskjer. Det spelar heller inga praktisk rolle så langt sør i verda, der det er like lyst heile døgnet om sommaren. På sørpolbasen følgjer dei newzealandsk tidssone, sidan amerikanarane som driv han, flyg inn frå New Zealand, via McMurdo-basen på Rossisen. Jubileumsfesten skulle gå føre seg i denne tidssona.

Vegard og eg jaga og jaga som idiotar dei siste mila. For kva, spurde eg meg, medan eg gjekk på grensa av det eg toler. Sjølvsagt for å kunne seie at me rakk fram til Sørpolen på dagen 100 år etter Amundsen. Og dersom me ikkje rakk det på newzealandsk tid, kunne me til dømes definere at me kom fram før midnatt på norsk tid, tenkte eg, eller i verste fall bruke den chilenske tidssona me hadde levd i dei siste to månadene.

Vegard og eg rakk fram til Sørpolen 17 minutt før midnatt den 14. desember – newzealandsk tid. Gudskjetakk! Festen var for lengst over. Statsministeren hadde lagt seg. Men det var stor stas å kome fram. Me vart intervjua på direkten på NRK, og folk strøymde ut av telta for å feire oss.

Neste føremiddag flaug statsministerfølgjet heim med amerikansk forskingslogistikk, via New Zealand. Jan-Gunnar var med dei. Me andre kom etter kvart heim via Chile.

Nokre månader seinare skreiv Stein bok frå turen. Her skildrar han godt kor hardt me prøvde å rekke fram til jubileumsfesten. Og han skriv om nederlaget han kjende på då han sette seg i flyet berre åtte mil frå polpunktet. Han hadde klart å gå heile vegen om han hadde hatt eit par dagar til, skreiv han. «Men vi hadde ikke to dager til. Så jeg greide det ikke. Helvetes jubileum.»

No, meir enn tolv år etter dei hektiske døgna i 2011, veit eg at me eigentleg hadde nok tid – om jubileet hadde vore den 16. desember.

Tidssona

I 2011 var det eit sentralt poeng å feire Amundsens framkomst til Sørpolen nøyaktig 100 år etter – altså den 14. desember.

Amundsen skriv at dei kom fram klokka tre. Bjaaland noterte halv tre. Så den saka er grei. Men kva for ei tidssone følgde dei? Eg veit ikkje om andre som har problematisert det tidlegare. Kanskje må ein ha sprenggått mot klokka og eit jubileum på Sørpolen for å vere oppteken av spørsmålet.

Eg hugsar me diskuterte saka i 2011. At me ikkje fann ut av det, kom berre av mangelfull leiting. For plutseleg fann eg, tolv år for seint, at Amundsen skreiv det rett ut: «De klokketimer, jeg fra tid til anden har nævnt, er regnet efter tiden paa ‘Framheim’s meridian.» At eg ikkje hadde sett det tidlegare!

Amundsen følgde absolutt ikkje den same tidssona dei nyttar på Sørpolen i dag, altså newzealandsk tid. Eller noko som likna på det. Langt der ifrå. Så langt sør i verda er det stutt mellom lengdegradene. Men det gir store utslag på klokka.

Framheim i Hvalbukta låg på 165 grader vestleg lengde. Det vil seie at Amundsen var elleve timar etter GMT, medan newzealandsk tidssone er tolv timar før GMT. Eller for å seie det på ein annan måte: New Zealand ligg i den fyrste tidssona etter datolinja og er av dei landa som fyrst møter den nye dagen, medan Hvalbukta ligg i den nest siste tidssona.

Seremonien på Sørpolen i 2011 starta med andre ord 23 timar for tidleg. Skulle ein hatt ei markering nøyaktig 100 år etter at dei fem karane planta flagget i snøen, skulle ho starta klokka to den 15. desember, newzealandsk tid. Men på det tidpunktet sat alt statsministerfølgjet på flyet heimover.

Harald Dag Jølle er historikar
ved Norsk polarinstitutt og UiT

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen
Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk
I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis