Kunnskap

Hjerneslag

Til venstre ser me eit hjerneslag. Det kjem som regel av at ei blodåre i hjernen går tett på grunn av ein blodpropp. Illustrasjonen til høgre syner eit tilfelle av hjernebløding. Symptoma kan likna, men behandlinga er heilt annleis.
Til venstre ser me eit hjerneslag. Det kjem som regel av at ei blodåre i hjernen går tett på grunn av ein blodpropp. Illustrasjonen til høgre syner eit tilfelle av hjernebløding. Symptoma kan likna, men behandlinga er heilt annleis.
Publisert

Dersom du plutseleg skulle oppleva at du ikkje lenger finn ord, at du bablar, at du blir skeiv i andletet eller svak i handa eller i foten, ja, då kan det henda at du har fått hjerneslag.

I så fall er det berre éin ting å gjera: Ring 113!

Hjerneslag kjem som regel av at ei blodåre går tett eller blir plugga att av ein blodpropp som kjem siglande inn i hjernen med blodstraumen, frå halsen eller frå hjarta. Då vil det på få minuttar danna seg eit infarkt i hjernen – eit område der nervecellene døyr. Men kring dette infarktet kan det vera eit større eller mindre område der nervecellene berre er svimeslegne, slik at dei sluttar å fungera. Med god akuttbehandling og iherdig opptrening kan desse områda bergast, slik at hjernecellene livnar til att, og tapte funksjonar kjem tilbake.

I nokre få av slagtilfella er det ei hjernebløding som ligg bak. Symptoma kan vera dei same som ved blodpropp, men behandlinga er heilt annleis. Ved hjernebløding vil det sjølvsagt vera ugunstig med blodfortynning, sidan det kan forverra tilstanden. Derimot kan det stundom vera aktuelt med operasjon for å fjerna blodet som trykkjer på hjernen. Difor er det viktig å skilja mellom dei to slagtypane. Til det trengst snøgg biletdiagnostikk med CT (datastyrt røntgen) og eventuelt MR. Deretter kan ein gå vidare med skreddarsydd akuttbehandling.

Her i landet er det låg terskel for sjukehusinnlegging ved mistanke om hjerneslag, sidan det er svært mykje å vinna på rask behandling – helst innan fire timar. Difor førekjem det rett som det er at nokre av dei hasteinnlagde likevel ikkje har slag, men tilstandar som kan likna – til dømes eit anfall av epilepsi eller migrene.

Ein røyrleggjartanke melde seg tidleg blant forskarane: Dersom me berre fekk opna den tette blodåra, kunne me kanskje berga nokre hjerneceller og tilhøyrande funksjon? Til dømes ved å staka opp blodåra eller løysa opp blodproppen med Plumbo-liknande medisin? Problemet har vore at gjenopninga må skje snøgt, sidan hjernecellene tek til å døy etter få minuttar utan blodforsyning.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement