–Helvete òg!
Frua og eg står ved kvar vår ende av ein gjennomsiktig slange fylt med vatn. Me brukar eit vassvater til å måla opp grunnmuren til det som skal verta hytta vår. Me får stendig nye resultat.
Frustrasjonen gjer at ord som me aldri før har sagt til kvarandre, fyk mellom oss. Nærare skilsmisse har me, det harmoniske paret, aldri vore. Kva er problemet? Luft i slangen.
Vatn er ei væske som ikkje kan trykkjast saman, men luft kan verta komprimert. Korleis skal eg få lufta ut av slangen? Eg startar med å leggja han i ein pøs attmed det som skal verta vårt Shangri-La. Så dreg eg slangen over svaberget og går nedover til eg er under høgda til pøsen. Dess lenger ned eg går, dess fortare renn vatnet. Eg har laga meg ein hevert.
Eg lèt vatnet renna ei stund og set så fingeren mot slangen og ber frua gjera det same i andre enden. No er all lufta ute av slangen, men ho kjem diverre lett inn att når me virrar rundt og prøver å måla opp det som skal verta grunnmuren i det nye tilværet vårt. Dag vert til sumarkveld, og me vert einige om at det er godt nok.
Me set oss på svaberget og et nista. Frua ser på meg og spør kva eg tenkjer på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.