Kultur
Husmannsgut og misjonærstjerne
Fattigguten Lars Skrefsrud fekk ein eventyrleg karriere som misjonær blant santalane i India.
Ein av dei mange misjonsstadene som blei etablerte i India av Santalmisjonen. Her ser vi jenter i skulegarden 1900–1910.
Foto: Severin Worm-Petersen / Norsk Teknisk Museum
Lars Skrefsrud (1840–1910) kom frå ein husmannsplass på Fåberg ved Lillehammer. Han hamna på fylla, og 18 år gamal fekk han fire år i fengsel for tjuveri. Bak murane vart han «vekt», og ikkje lenge etter at han vart sett fri, reiste han til India som misjonær for den tyske Gossnermisjonen.
– Litt etter kvart vart han superstjerne i det britiske imperiet. Han vart invitert til dei kongelege og talte i kyrkjer, på torg og i tettpakka forsamlingshus. Om lag 10.000 møtte opp utanfor Akershus festning for å høyra han, fortel professor Tone Bleie.
Ho har grave djupt i historia til Den norske Santalmisjon, og det har vorte til boka A New Testament. Nyleg vart verket lansert, og tidlegare ambassadørar frå både Bangladesh, Tibet, Thailand og India møtte opp. Det gjorde også leiarar for kristne bistandsorganisasjonar – og misjonærar som avslutta tenesta for Santalmisjonen på 1990-talet og overlét det heile til den nasjonale indiske kyrkja.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.