Teknologi

I mørkeret er alle kattar fargerike

Skisse av eit digitalt kamera. Sjå forklaringane på 1 til 6 i teksten.
Skisse av eit digitalt kamera. Sjå forklaringane på 1 til 6 i teksten.Skisse av eit digitalt kamera. Sjå forklaringane på 1 til 6 i teksten.
Publisert Sist oppdatert

Det er høgljos dag. Eg står utanfor våpenhandlaren og rettar nattkikkerten mot mannen som sit i ein traktor rett ved sida av. Han viser seg ikkje i søkjaren, men den varme olja i hydraulikken lyser opp. Også karen som grev for harde livet nede i grøfta, kan eg sjå i søkjaren.

Eg ser opp mot fjellet Løvstakken. Der står ein hjort som eg aldri ville ha sett med berre auga.

Det eg ser i kikkerten, er varmestråling. Alt som har varme, sender ut infraraudt ljos, foton, bylgjer med låg frekvens som me ikkje kan sjå. Fyrst når noko vert raudglødande vert det synleg.

I kikkerten er det ei biletbrikke, eit elektronisk auge, som fangar opp det infraraude ljoset, forsterkar det og «omset» det til grønt, slik at me kan sjå ting i mørkeret. Grønt vert brukt fordi auga våre er mest følsame i den delen av det synlege fargespekteret.

Pedagogar seier at ytre motivasjon ikkje hjelper på nytenking og læring. Vel, Bill Boyle og George Smith er provet på at frykt fungerer. Den 17. oktober 1969 vart dei kalla inn på teppet til sjefen av Bell Labs. Dersom dei ikkje kom med noko nytt snart, ville det ikkje lenger verta løyvd midlar til vidare drift av avdelinga deira. Nokre timar seinare var skissa til CCD, Charge Coupled Device, det vi i dag kjenner som biletbrikka, eller den digitale filmen, teikna på tavla til Bill. Foto og film vart endra for alltid, og Bill og George fekk nobelpris i fysikk i 2009.

Kvifor ser me ikkje noko når det er mørkt? For å kunna sjå noko treng me ei ljoskjelde, anten sola eller kunstig ljos. Når ljos treffer til dømes ein katt, vert noko av det absorbert og resten sendt tilbake til auget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement