I oppsettinga RETRO KATT kunne samarbeidet med Carte Blanche ha vore endå ei oppskrift på suksess.
Dei troll-liknande skapningane ser ut til gradvis å oppdage både seg sjølv og kvarandre, etter å ha klatra ut av pelsen til ein svær, sovande katt.
Alle foto: Øystein Haara / Carte Blanche
Tori Wrånes er ein kunstnar som lenge har lukkast i å etablere absurde univers som på sitt vis speglar tida me lever i. Ho fekk sitt gjennombrot med bestillingsverket Yes Nix til Performa 13-biennalen i New York i 2013, og ho har sidan gjort det stort i både inn- og utland. I installasjonar og performancar skildrar ho ofte famlande forsøk på å tilpasse seg omverda, kombinert med humor.
Parallellar til folkeeventyr er ein gjengangar, ikkje berre i kulissar og kostyme, men også i undertonane av etikk. Nyleg fekk me vite at Wrånes blir festspelkunstnar i Bergen i 2025. Oppsettinga RETRO KATT er denne hausten på turné, til svært begeistra meldingar, og eg møter opp i eit fullsett Stavanger konserthus med store forventningar.
Moderne troll
På scena ser me bakenden på ein fleire meter høg, loden skapning med hale. Mørket senkar seg, og ein rytmiske dur aukar i volum, som lyden av ein katt som mel. Litt etter litt kjem skapningar med flekkete, kvite klede krypande ut av pelsen. Dei ser forundra ut og beveger seg som i sakte film bortover golvet utan å ense kvarandre. Ryggsekkar, liknande dei gamle tursekkane i kanvas, ser ut til å vekse ut av ryggen. Høge panner, flokete langt hår, fire fingrar og store nasar gjer at skapningane minner om troll.
Bassduren blir høgare og meir rytmisk, som ein helikopterrotor kombinert med musikken frå ein actionfilm frå 80-talet. Rørslene til trolla aukar i same tempo. Dei hoppar, viftar med armane og spring på kryss og tvers på scena. Med eitt løftar kattehalen seg, og ein lysande portal openberrar seg akkompagnert av ei sørgmodig hymne.
Eitt etter eitt forsvinn trolla inn i hybriden av kroppsopning og himmelsk portal, og det blir mørkt. Det heile gjentek seg fleire gonger, og for kvar runde blir trolla meir sosiale. Dei vinkar, tek følge, og eit par lenar seg mot kvarandre og voggar i same takt, før dei vender om og vippar sakte vidare på dei svære, kvite støvlane som får trolla til å sjå små ut, og på merkeleg vis minner om både Moon Boots og Nike Air Max.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.