Ikkje eigentleg eit menneske
Etter kreftsjukdommen er forfattar og dramatikar Gyrid Axe Øvsteng ikkje eigentleg eit menneske i verda, ho finst nesten ikkje. Ho har vorte mindre mor, mindre ven, mindre forfattar.
Fatigue etter kreft: ei kjensle av å vere unormalt sliten. Ein kan miste minnet og slit med konsentrasjonsvanskar. Ein kjenner seg nedstemt og utilpass, er kraftlaus og slit med å finne ord og setningar. Sjølv det å gjere enkle val, kan vere slitsamt. Å lese er vanskeleg, for ein slit med kva som stod på førre side. Fatigue kan vere kronisk. Trøyttleiken går ikkje over ved svevn eller kvile. Det finst ingen kur mot fatigue.
Gyrid Axe Øvsteng var i ferd med å etablere seg som ein dramatikar vi kunne rekne med, då kreften kom og stal alt frå henne. Etter sju år utan tilbakefall ser det betre ut no: Ho blir offisielt friskmeld om tre år. Men behandlinga har kasta henne ut i utmattinga.
– Kreft er ein alvorleg diagnose. Den sjuke går med eit alvor i kroppen. Kva er alvor for deg?
– Alvor er fråvær av det som ikkje er viktig. Eg er mor til to, eg er dramatikar og ven, eg har eit liv som skal levast. Men eg har også fatigue. Ofte har eg ikkje kraft til å vere noko av det eg skal vere. Då må eg skjere bort. Og det eg skjer bort, er det som ikkje kjennest viktig: ord som berre er ord, prat som aldri blir meir enn prat, samanhengar som mest er overflate. Eg spyttar på alt som ikkje er ærleg, også på meg sjølv når eg prøver å spele med. Eg veit ikkje om det har vore eit riktig val. Livet mitt har vorte eit alvorleg liv, og vi menneske har også eit behov for det som er lett.
Eg lurer på kva det å gå med noko slikt i kroppen i så mange år gjer med den fysiske forma til eit menneske.
– Eg synest eg har ein kul kropp. Vindskeiv, men kul. Han kan liksom klare alt, sjølv om ofte er ingenting. Kroppen vart utsliten av sjukdom og behandling. Det er naturleg. Men det som skjedde med hovudet, var verre. Eg omfamna ikkje vona og trua på at eg skulle bli frisk att, beskjedane var dårlege, og eg var for realistisk. Eg ville sjølvsagt bli frisk, men ein kan ikkje styre slike ting med viljen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.