På tomannshand

Industriarbeidar og ateist

EIT BYGGJEFELT I NOREG: Kvifor må ein norsk industriarbeidar bu på hemmeleg adresse?Av di han er ateist. Fråfallen.

– Eg såg opp til eldre gutar som drog til Tsjetsjena for å slåst som soldatar for den islamske nasjonen. Det var kult å vera islamist, fortel Cemal Knudsen Yucel.
– Eg såg opp til eldre gutar som drog til Tsjetsjena for å slåst som soldatar for den islamske nasjonen. Det var kult å vera islamist, fortel Cemal Knudsen Yucel.
Publisert

På Blindern i Oslo stod nyleg studentar i kø for å få med seg ein debatt om ytringsfridom. Frå scenen sa Cemal Knudsen Yucel, leiar for Ex-Muslims of Norway:

­– Eg slåst for at kvar og ein i Noreg skal ha rett til å kritisera og forlata trua si.

Han la til:

­– Fyrst då er alle religionane jamstilte.

I panelet i Eilert Sundts hus sat elles Antirasistisk Senter-leiar Rune Berglund Steen, blasfemikritikar Jørgen Lorentzen, ein Ap-politikar frå Bærum og eksjustisminister Jøran Kallmyr (Frp). Den einaste ikkje-norske av dei seks på scenen var samstundes den mest kontroversielle. Men Yucel vil ikkje vera kontroversiell:

– Fråfall og religionskrenking er det dødsstraff for i tolv muslimske land. I Noreg må apostasi og blasfemi halda fram med å vera tillate ­– for minoritetar òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement