Humor
Ingen skriv til amerikakjennaren
Tretti år etter at eg vitja Amerika for første gong, har ingen bede om min analyse av stoda i amerikansk politikk.
Eg skal til Amerika. Jau, det er sant. Eg sit alt på flyet og breier meg med tomatjuice og kiropraktisk nakkepute. Det finst nok av dei som lèt som dei har vore i Amerika, men som berre har sett landet på TV. Ikkje denne guten. Å nei, du, langt derifrå.
No er det ti månader til neste presidentval. Det er ikkje lenge for ein vaskeekte amerikakjennar. Eg lurer på om ikkje ein avisreporter eller kanskje ein radiovert snart kjem til å ringa for å be om min analyse. Kva vert eigentleg utfallet i november? Nei, det tør eg førebels ikkje spå, kjem eg til å svara. Kva skjer viss Trump vinn? Det er nok for tidleg å konkludera. Kva verknad kan ein republikansk siger ha på Noreg? Godt spørsmål. Kor gale kan det eigentleg bli? Her lyt me venta og sjå.
Det er ikkje noka jomfruferd til Amerika eg no legg ut på. Å nei, då. Sytten år var eg fyrste gong. Gro, kjend frå TV-serien Makta, styrte Noreg den gong. Så snart føtene stod på amerikansk jord, sokk dei djupt ned i lokalkulturen. Far min var vitjande professor i California og melde meg inn på den skulen som låg nærast husværet i ei rett line på kartet. Når eg såg meg ikring i skulegarden, skjøna eg raskt at eg var hamna på feil side av bygrensa. Men då var det altfor seint.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.