Sport
Innveging
Bernhoff Otelius Hansen var ein av to nordmenn som vann OL-gull det året dei innførte vektklassar, i 1904 i St. Louis i USA.
NRK-serien Hodet i klemme gjorde i alle fall meg hekta. Her piskar trenaren, Fritz Aanes, brytarane nokre gonger så hardt at det gjer vondt, også heime i sofaen. Berre 100 prosent er godt nok for Fritz.
Bryting er ein av fleire idrettar som driv med vektklassar. Det er ikkje lett å snakke om eller drive med vekt i sport, og heller ikkje elles. Men i bryting er det også vanskeleg å vere det forutan. Ei slags rettferd må haldast oppe.
Dei fleste vil ned i kilo, slik slepp ein å kjempe mot karar som Tåsenplogen, om ein ikkje sjølv er laga av same kaliber. Metodane brytarane bruker til å gå ned i vekt, kan vere heftige. Stig Inge Berge gjekk til dømes ned sju kilo på ni dagar. Det er ekstremt. Å ha energi til å drive sport i verdsklasse etter ein slik nedgang krev planlegging.
Men det finst også dei litt heldigare som ikkje vel å gå ned. Ein fordel i dei tyngre klassane er at det her går tregare. Tidlegare var det også mest stas å vinne dei tyngste klassane. Ove Gundersen, redaktør av brytemagasinet Mattekanten.no, fortel at det var fordi det opphavleg ikkje fanst vektklassar – og då var det ikkje uventa dei store karane som også vann mest. Fyrst i eit uoffisielt VM i 1903 starta dei med to vektklassar, og i OL året etter i St. Louis i USA vart fleire klassar innførte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.