Kunnskap

Innvolsorm hos hest

Larvane til blodorm kan vandre inn i blodårene til tarmen. Tilstoppa blodårer kan gje skade på tarmveggen og i verste fall livstrugande kolikk.
Larvane til blodorm kan vandre inn i blodårene til tarmen. Tilstoppa blodårer kan gje skade på tarmveggen og i verste fall livstrugande kolikk.
Publisert Sist oppdatert

Hestar er flokkdyr og trivst best med å gå ute saman med artsfrendar. Men både på beite og i stallen er det lett å bli smitta med parasittar.

Mage- og tarmkanalen til ein hest er ganske romsleg, og med eit volum på nesten 200 liter hos ein vaksen hest er det god plass til innvolsormar av ulike slag. Slike parasittinfeksjonar kan gje kløe, diaré og magesmerter og i verste fall alvorleg kolikk og brå daud.

Smittsamt

Parasittverda er full av overraskande biologiske påfunn, og tarmparasittane har mange forskjellige strategiar for å sikre eit best mogleg liv for seg og etterkommarane. Vi kan starte med hestens spolorm (Parascaris equorum), som held til i tynntarmen. Spolormar vert opptil 40 cm lange og kan legge ein million egg om dagen. Egga har eit tjukt skal og er særskilt hardføre, toler frosten ute på beitet om vinteren, og innomhus kan dei overleve i opptil fem år. Med andre ord: Dette er smittsame saker.

Når egga kjem inn i tarmen på ein ny hest, blir larvane klekte, så tek dei seg ein tur rundt i kroppen til verten og vandrar gjennom lever og lunger før dei kjem ned att i tarmen. Det er særleg føl og unghestar som blir plaga med spolorm, dei eldre hestane er meir immune. Hos unghestar med kraftig infeksjon kan store samlingar med spolorm i verste fall føre til tett tarm og kolikk.

Ei anna svært vanleg gruppe rundormar er det vi kallar små strongylidar (cyathostomar). Dei er tynne som ein sytråd og berre éin til to centimeter lange. Egga deira klekker på beitet og utviklar seg til larvar – larvar som òg kan overleve heile vinteren ute i det fri.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement