Jakta på det siste nye

Utstyrsgalskapen står og stangar ved jaktterrenget mitt. Kor mange dingsar treng eigentleg ein hjortejeger?

Kikkertrekka: Lia kikkertane er retta mot, er ein halv kilometer vekke, men med gode handkikkertar er det godt mogleg å sjå hjorten.
Kikkertrekka: Lia kikkertane er retta mot, er ein halv kilometer vekke, men med gode handkikkertar er det godt mogleg å sjå hjorten.
Publisert Sist oppdatert

Kva treng du av utstyr for å kome deg ut på jakt? Det kjem an på kva type jakt, sjølvsagt, men lat oss avgrense oss til storviltjakta i dag, og for å gjere det enkelt seie at dyret du skal jakte på, er hjort.

Ja, og i staden for «du» kan vi like godt seie «eg» – for det er eg som kvar haust, frå september til jul, stort sett har éin ting i hovudet: Rekk eg å kome meg på jakt i dag? Og korleis skal eg då legge opp jakta?

Det fyrste eg må ha, er ei rifle. .308 er den vanlegaste kaliberen i dag, følgd av 30.06 og 6,5x55. Alle tre fungerer bra – i dei aller fleste høve er det ikkje rifla som avgjer om du er ein god jeger eller ikkje. Alle rifler du får kjøpt hjå ein godkjend våpenhandlar i Noreg, er gode nok til å ta med på jakt.

Likevel er det sjølvsagt skilnader: Det er til dømes lett å tenke at ei rifle du skal bere med deg i skog og fjell, bør vere lettast mogleg. Men ei lett rifle er òg ei mindre stabil rifle. Di mindre masse våpenet har, di mindre rekyl tek det opp – og di meir trykk må du rekne med å få i skuldra kvar gong du trekker av.

Ei ny rifle kostar frå 8000 kroner og oppover nærast i det uendelege. Om noko av prisskilnaden er kosmetisk, er det òg kvalitetsskilnader: Meir haldbare materiale og den ekstra litle presisjonen i løpet, til dømes, men skilnadene kan òg vere meir synlege. Eit tommelgrep eller GRS-stokk gjer at du kan legge fingeren på avtrekkaren medan du grip om våpenet om lag som ein skistav – eit meir avslappa grep enn det tradisjonelle pistolgrepet gjev. Det kostar meir.

Aller størst er likevel både pris- og kvalitetsskilnadene på utstyret du set oppå rifla: kikkertsiktet. Kor godt ein ser der inne i siktet, heng ganske nøyaktig saman med kor mange kroner ein puttar inn i det. God optikk tyder at du ser tydeleg og langt og under krevjande forhold – i skumring, til dømes, eller i lett skodde, eller rett mot sola.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement