Restaurering
Kan du vøle eit enkelt hus sjølv?
Med noko praktisk røynsle i hovudet og hendene kan det vere overkommeleg å vøle eit mindre og enkelt hus utan å ha gjort akkurat det før. Men bak arbeidet må det ligge ein iver etter å få det til.
Restaurering er handverk, med øks, navar, handhøvel og slikt. Det let seg ikkje gjennomføre med nymotens reiskapar og material frå trevarebutikken. Feil material vert eit varig minne om dårlege val. Det viktigaste er å gripe inn tidleg nok, før skadane er store. I bygdene står mange mindre bygningar som ikkje treng stor hjelp for å klare seg. Det kan vere nok å tette taket. I første omgang vil metallplater stanse forfallet og kostnadene ved å gjere arbeidet skikkeleg seinare. Om den praktiske nytten av slike hus er liten, viser det seg at mange saknar dei når dei har sige i marka.
Først gjeld det å finne ut kva delar som treng vøling. Har fundamentet av stein svikta, eller har huset kome ut av stilling av andre grunnar? Kor mykje av treverket har rotna? Er dette delar under store påkjenningar, eller slike som kan tole litt skade? For å skjøne kva som skal til av nye delar, lyt vi forstå korleis huset er bygt – kva som held det oppe og korleis det er stiva av.
Stavar som står fritt på stein eller mur, ber taket i grindbygde hus. I slekt med stavane er standarar eller stolpar som står på liggande svillstokkar oppå muren. Dersom huset er skeivt og mønelina hallar eller er ujamn, må vi finne årsaka til at skapet er endra. Er det treverket eller underlaget som har svikta? Stein til fundament ligg som regel på staden; betong er det ikkje bruk for. Under torvtak er det ikkje så nøye om flata er litt bølgjete dersom taket er sterkt nok. Utsjånaden har mange ordna med torva. Eit visst preg av alderen kan jamvel vere verdt å ta vare på, dersom materialen er frisk og fundamentet stabilt.
Før restaureringa
Før restaureringa startar, er det lurt å fotografere det som er, og kanskje lage enkle skisser – med viktige mål på – av grunnplanet og dei delane av huset som vi må skifte ut. Det er nyttig når vi skal få tak i nye delar. Til god restaurering høyrer det at nye delar har same form som dei originale, og er av same treslaget. Har den gamle staven vankant, bør den nye ha vankant. Er sperrene rundstokkar, høver det ikkje å komme med slike som er skorne i firkant. Med litt øving får mange til å forme nye delar med øks, som bør vere målet dersom originalane har flater etter bila. Kanskje finst der nokon som kan hjelpe til i starten? Resten er øving. Restaurering er å kopiere ein velprøvd byggjeskikk og å følgje ein heilt annan tankegang enn dagens industriproduksjon av hus.
Bygningar som er ute av stilling, må vi jekke opp att i den posisjonen dei skal ha. Først den eine sida, så hi, og gjerne noko justering til slutt. Å løfte heile huset samstundes kan ende med at heile greia ramlar utanfor fundamenta. Det er slåande korleis delar som var ute av stilling, fell i hop og gjev huset den rette forma når det kjem attende til si opphavlege stilling. Ikkje alt treng å vere heilt i lodd eller vassrett. Men det berande må vere stødig, og i visuell balanse. Dette ser vi best på avstand. Å måle med vater kan vere til litt hjelp, ikkje meir. Auget ser best når heilskapen står slik han skal vere. At grunnflata har skeive vinklar, kan godt vere heilt rett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.