Mat

Karrisild

Eg har ikkje mange juletradisjonar, men sidan det ofte fell på meg å steikje og styre på kjøkenet, har eg endra meg litt dei siste åra

Karrisild utan lake frå den blå boksen gjer rett og slett ikkje jobben, påstår Dagfinn Nordbø.
Karrisild utan lake frå den blå boksen gjer rett og slett ikkje jobben, påstår Dagfinn Nordbø.
Publisert Sist oppdatert

Huset proppar eg til vanleg fullt av naboar, vener og familie alle juledagane, men ikkje lenger på sjølve julekvelden.

Gudlaus som eg er, heidrar eg likevel Jesusbarnet så pass at eg ikkje vil stå sveitt med bustete sveis og tilsmussa kjøkenforkle og glane på ribbesteika eller skrubbe gryter på den store dagen. Nei, far. Julefred skal det vere.

Klokka 15.03 må alt vere klart: Huset må vere rydda, den edlaste armagnacen skal vere i glaset og sigaren, helst ein Romeo y Julieta, årets einaste, skal tennast. Så tar det mest sentrale i min eigen julekveld til – nemleg Kalle Ankas julafton på svensk TV 1.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement