Mat
Kattane i Essaouira
Fiskebåtane tyder på eit overskot av enkeltmannsforetak.Fiskebåtane tyder på eit overskot av enkeltmannsforetak.
Då eg gjekk gjennom bileta eg tok i Essaouira, slo det meg at nesten alle inneheldt ein eller fleire kattar. Det er kanskje ikkje så merkeleg. Denne byen, som ein gong var særs viktig, fungerte som hamn for Marrakech.
Vandrar du i hamneområdet, ser du kattar i hundretal i nærleiken av dei små knallblå fiskebåtane. Fiskarane bøter garna sine eller pussar på farkostane sine, og om kvelden kan du kjøpe litt av fangsten deira og ta han med heim, eller bli servert i dei enkle grillrestaurantane. Der kan du velje det du vil av sprellfersk fisk og skaldyr, og få det grilla over kol og servert med sitron og noko enkelt attåt. Det du dessverre ikkje kan få, er eit lite glas kvitvin til maten.
I eit relativt liberalt mus-
limsk land som Marokko er alkoholen tolerert, så lenge han ikkje synest veldig godt. Derfor går mange vitjande på restaurantar som Taros, strategisk plassert på eit av hustaka i byen, med ein rikhaldig meny av sjømat og alt det tørsten din trår etter.
Essaouira er, som mange kystbyar, ein stad der du ikkje kastar bort tida med å ete kjøt. Det enkle i rå østers eller grilla sjøkreps vil alltid tiltale meg som det beste ein kan ete. Der eg i Thailand fekk servert dagens største hummar og skuffa måtte konstatere at kjøkenet hadde øydelagt han med tonnevis av krydder og unødig krimskrams, kan du i Essaouira gå rett til kjernen.
Eg forstår meg ikkje på folk som øydelegg fantastiske råvarer med bunkevis av kvitlauk og fancy krydderblandingar. Det er det same som ofte skjer med lam: Den reine, enkle og himmelske smaken av lammekjøt treng sjeldan meir enn litt urter, salt og pepar, og det same er tilfellet med skaldyr. Vil du grille heil fisk, legg han gjerne på skiver av sitron for å skjerme det tandre fiskekjøttet. Då unngår du òg at det set seg fast på grillrista. Og sjølvsagt: Vi grillar over kol. Gass er ikkje lov.
Sidan eg hatar sjellause og standardiserte hotell, valde eg sjølvsagt å bu på ein liten riad i Essaouira. Inst i eit trongt smug budde eg for tusen kroner veka, og det jaggu i himmelseng som var utstyrt med eiga trapp. Eg vart Jeppe i sultanens seng, og der sov eg sannsynlegvis like godt som kong Mohammed III.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.