Kirurgi mot fattigdom

Leonard Chafewa (32) og Sithembile Chimaliro (32) har utdanna seg til spesialistar i hjernekirurgi i Malawi.
Leonard Chafewa (32) og Sithembile Chimaliro (32) har utdanna seg til spesialistar i hjernekirurgi i Malawi.
Publisert Sist oppdatert

Er det mogeleg å operera seg ut av fattigdom? Neppe. Men me veit at grunnleggjande og enkel kirurgi kan vera ei god investering, også i fattige land med svakt utbygd helseteneste. Til dømes kan vellukka inngrep resultera i at unge trafikkskadde blir friske og arbeidsføre. Det er langt betre økonomi enn om dei blir gåande ubehandla og endar som uføre, ute av stand til å brødfø seg sjølve. Nytteverdien av enkel kirurgi er spesielt stor innanfor fødselshjelp, akutte magesjukdomar og skadebehandling, men også for ein del hjernekirurgiske inngrep.

Difor er det eit stort gjennombrot når eit av verdas aller fattigaste land, Malawi, i 2023 endeleg har utdanna sine første spesialistar i hjernekirurgi. To unge lækjarar har fullført seks års etterutdanning i nevrokirurgi og teke spesialisteksamen med framifrå resultat.

Fungerande tilbod

Størstedelen av utdanninga har dei to fått i heimlandet, med god assistanse frå Oslo universitetssjukehus. No kan dei inngå i eit arbeidslag som gjev Malawi eit fungerande nevrokirurgisk tilbod heile døgeret, heile året: Fagfolk, over 20 i talet, med utdanning i nevrokirurgisk sjukepleie, operasjon, anestesi og medisinsk teknikk – i samarbeid med dei opererande nevrokirurgane og unge lækjarar under spesialisering. Datastyrt røntgen, CT, har dei òg fått på plass, attåt ei operasjonsstove, ei lita overvakingsavdeling og alt det tekniske utstyret som høyrer til. Ti år har det teke å etablera ei komplett avdeling ved Queen Elizabeth Central Hospital i Blantyre, ei avdeling som er på veg til å bli sjølvgåande.

Men kan det vera meining i å satsa på hjernekirurgi i eit av verdas aller fattigaste land, eit land som er heimsøkt av mange og overveldande helseproblem?

I Malawi er det infeksjonssjukdomar som hiv/aids, smittsam diaré, malaria og tuberkulose som utgjer dei viktigaste dødsårsakene. I tillegg kjem det stundom utbrot av kolera. Livmorhalskreft og trafikkulukker tek langt fleire liv enn i andre land. Underernæring er òg eit konstant problem. Mange av desse sjukdomane og skadane kan nok førebyggjast – med vaksinasjonar, hygienetiltak, betre ernæring og tryggare trafikk – men det vil ta lang tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement