Humor
Klagemodus
Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?
32,90? Det står på plakaten at skinkeosten kostar 26,90.
Draumesituasjonen min når eg handlar, er slik: Eg går inn i butikken, finn det eg vil kjøpa, betalar prisen det kostar, og går ut. Ferdig.
Eg skulle ynskja at eg kunne ha det slik, alltid. Men eg har merka at eg må vera vaken og fylgja med, spesielt når varene vert slegne inn. Då står eg og nistirar på skjermen framføre meg.
Tingen er at eg er utstyrt med ein god prishugs. Eg hugsar kva ei vare kostar når eg plukkar henne ned frå hylla, og er prisen vorten nokre kroner meir når han kjem til kassa, seier eg frå.
Nokre varer må ein vera ekstra var på, for dei skiftar pris heile tida. Skinkeosten er ei vare med ein slik jojopris. Eine dagen kostar han 32,90, neste er han nede i 26,90, og så er han fort opp igjen, tydelegvis på vegen frå hylla til kassa.
Det seier eg dykk, eg kjøper aldri skinkeost til 32,90. No er eg heilt sikker på at det var ein plakat der som klårt og tydeleg sa 26,90.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.