Teknologi

Klårsynt

Resultat frå i.Profiler plus. Fargane syner avvik frå normal bylgjefront i mikrometer. Det venstre auget mitt har mykje mindre variasjon (aberrasjon) enn det høgre auget.
Resultat frå i.Profiler plus. Fargane syner avvik frå normal bylgjefront i mikrometer. Det venstre auget mitt har mykje mindre variasjon (aberrasjon) enn det høgre auget.
Publisert

«No ser du arrogant ut». Kona gav alltid klår beskjed når eg trong nye briller. Då sat eg som regel med nasen i sky og las avisa gjennom nedre kant av dei progressive glasa.

Denne gongen måtte eg finna det ut sjølv, og det tok så lang tid at butikken til Optikus Martin O. Nielsen har flytta fleire etasjar opp og fått heilt ny innreiing som får meg til å føla meg som skodespelar i ein framtidsfabel.

Etter nokre innleiande frasar er eg klar for å testa synet. Eg legg hovudet på blokka i eit mørklagt rom og stirar med eitt auge om gongen inn i ein for meg ny maskin kalla Zeiss i.Profiler plus. Det er ein Shack-Hartmann bylgjefrontsensor. I denne ser eg figurar og sirklar med meir eller mindre skarpe prikkar. Optikaren justerer til eg ser ting skarpt. Når han er ferdig, viser han meg resultatet på ein iPad. Dei vakre auga mine, med hornhinne, pupill og linse, er omgjorde til to runde sirklar fylte med fargar som fortel kor stor skilnad det er til eit perfekt syn.

Maskinen sender inn 1500 laserstrålar over heile pupillen som vert reflekterte frå netthinna tilbake gjennom auga, før dei treffer ei rad små linser med ei kamerabrikke bak seg. Ved å justera dei små linsene til bilete som treffer kamerabrikka, vert perfekt, kan ein måla attgjevingsfeil (aberrasjon) i auget. Fordelen med denne maskinen samanlikna med vanleg test av synet basert på testlinser, er at ein får målt feil over heile pupillen, då maskinen måler synet i mørket.

Dersom du brukar briller, har du kanskje sett på brillesetelen? Er du nærsynt, står det nokre minustal på han. Er du langsynt, er tala positive. Kva tyder dei? Avvik frå perfekt syn. Dersom du er nærsynt, bryt auga dine ljoset for mykje, og det vert samla i eit punkt før netthinna, og du ser uskarpt.

Ved å setja ei brille framfor auga reduserer ein brytninga slik at ljoset vert samla på netthinna. Eit normalt auge har ei brytning på 60 diopter (1/meter) som gjev ei fokallengd på 17 millimeter. Fokallengda er avstanden frå linsa til brennpunktet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement