Teknologi
Klokka
Solur gjev ikkje tid i mørke, og vassura er ikkje stabile nok, så den mekaniske klokka var heilt revolusjonerande.
Illustrasjon frå «Horologium Sapientae» av H. Seuse / Wikimedia Commons
Kanskje nokon i familien har ei bestefarsklokke, eller du har sett ein slik staseleg mekanisme på eit museum? Den mekaniske klokka er blant dei viktigaste oppfinningane menneska har laga, og ho påverkar oss langt inn i vår digitale tidsalder.
Klokkemakarar var ekspertar på å lage nøyaktige mekanismar med tannhjul og gir som kunne overføre krefter. Klokker var i mange hundre år den mest avanserte maskinkunsten, og dei inspirerte oppfinnarar til å konstruere nøyaktige løysingar både for revolusjonerande maskiner, slik som dampmotoren, og for underhaldande maskiner, slik som speledåsen.
Ei maskin er eit samspel av mekaniske krefter som er tilpassa slik at ei rørslekraft får den retninga, intensiteten og bruksmåten som gir det resultatet designaren ynskjer. Ved hjelp av eit maskineri kan eit stort tal instrument eller operative delar rørast i lag i perfekte harmoniske rørsler. Kompliserte operasjonar kan utførast med ein presisjon som overskrid evnene til sjølv den dyktigaste handverkar. Samanlikna med vanleg kroppsarbeid er ei maskin meir presis, effektiv og kraftfull, og produktet av operasjonen vert mykje betre.
Få ting viser dette betre enn den gode gamle klokka. Tenk om eit menneske skulle forsøkt å halde tida heilt sjølv. Det ville rett og slett ikkje gått an. Solur gjev ikkje tid i mørket, og vassur er ikkje stabile nok, så den mekaniske klokka var heilt revolusjonerande.
Ei klokke er ein mekanisme som kan måle tid heilt eksakt ved hjelp av nøye regulerte rørsler. Krafta som flyttar hjula og gira til eit urverk, treng ikkje vere stor, men ho må vere heilt jamt fordelt. Den grunnleggande typen klokker frå 1300-talet får krafta si frå lodd i stålkjede under urverket. Rørsla frå dei sakte søkkande lodda må dempast slik at det kan gå mange dagar før dei må trekkast opp att.
Det er viktig at rørsla ikkje kan akselererast, for då vil klokka gå ujamt og for fort. For at klokka skal kunne telje, det vil seie ha ei kvantitativ og absolutt fast eining for tidtakinga, treng ho ein reguleringsmekanisme, som ho får ved at den sirkulære rørsla i tannhjula er synkron med ei fram-og-tilbake-rørsle i ein pendel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.