Teknologi

Kor mange maskiner har elsparkesykkelen?

I steinalderen var det berre stiar gjennom landskapet. Seinare kom det kjerrevegar og brusteinsgater, men dei var dårleg eigna til lauparhjul. Elsparkesykkelen føreset eit moderne urbant miljø med asfalterte gater.
I steinalderen var det berre stiar gjennom landskapet. Seinare kom det kjerrevegar og brusteinsgater, men dei var dårleg eigna til lauparhjul. Elsparkesykkelen føreset eit moderne urbant miljø med asfalterte gater. I steinalderen var det berre stiar gjennom landskapet. Seinare kom det kjerrevegar og brusteinsgater, men dei var dårleg eigna til lauparhjul. Elsparkesykkelen føreset eit moderne urbant miljø med asfalterte gater.
Publisert

Dei fleste har eit tilhøve til elsparkesykkelen. Vi brukar han gjennom bygatene fordi han er så forbaska praktisk, samtidig som vi irriterer oss over ungdommar som susar ansvarslaust av garde. Så lenge elsparkesykkelen verkar, treng vi ikkje tenkje på det avanserte maskineriet som ligg mellom.

Dei færraste tenkjer over kor mange maskiner som er bygde inn i elsparkesykkelen. Han er omtrent som ei kinesisk øskje av maskiner som er kopla saman og delvis overlappar kvarandre.

Arbeidsmaskin. Elsparkesykkelen er ei arbeidsmaskin. Arbeidsmaskiner utfører fysiske oppgåver med stor presisjon. Elsparkesykkelen flyttar deg gjennom byen med hjul som går rundt på ein aksel.

Reint mekanisk er det ikkje ein sykkel, men eit lauparhjul. Ein treng sjølvsagt ikkje sparke frå, for motoren gjer alt det nødvendige arbeidet med framdrifta.

Ein kan stå der som ein statue på fotbrettet og bestemme retninga og farten på det arbeidet som blir gjort, med enkle, intuitive rørsler.

Kraftmaskin. Dei mekaniske eigenskapane til elsparkesykkelen er hjelpte fram av ein batteridriven elektromotor, og dette er ei kraftmaskin. Kraftmaskiner kan koplast opp til allslags arbeidsmaskiner, for eksempel ei symaskin eller ein kaffitraktar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement