Appendicitt
Ubehandla vil sjukdomen vera dødeleg i over 50 prosent av tilfella.
Kikholskirurgi eller gamaldags open kirurgi er standardbehandling ved appendicitt.
Foto: Javier Montero Arredondo / Wikimedia Commons
Medisinsk
Haldor Slettebø er spesialist i nevrokirurgi og skriv om medisin ein gong i månaden.

Det har faktisk hendt eit par gonger at kirurgar har fjerna sin eigen blindtarm, eller rettare sagt sitt eige blindtarmsvedheng. Første gongen, for vel 100 år sidan, ville kirurgen visa at inngrepet kunne gjennomførast utan narkose, med berre lokalbedøving. Det gjekk bra.
Andre gongen, på ein ekspedisjon i Antarktis, var det ein russisk kirurg som opererte og kurerte seg sjølv for blindtarmsbetennelse.
Den eigentlege blindtarmen, den første delen av tjukktarmen, ligg på høgre side av magen. Og på denne blinde tarmen er det eit knapt 10 cm langt vedheng som kan likna ein liten orm – appendix vermiformis – ein struktur som først vart påvist og teikna av Leonardo da Vinci.
Dette vedhenget til blindtarmen er det som i daglegtalen blir kalla «blindtarmen». Det er usikkert kva funksjon organet har – ein kan leva like godt utan, har det synt seg. Kanskje spelar det ei rolle for immunforsvaret, sidan me finn påfallande mange immunceller i området, kanskje er denne tarmstumpen eit reservoar for «snille» tarmbakteriar?
Dersom vedhenget tettar seg til med tarminnhald, kan det bli irritert, betent og raudt. Då har du fått ein akutt blindtarmsbetennelse: appendicitt. Tarmveggen svulmar opp og kan sprekka dersom blodsirkulasjonen blir forstyrra.
Betennelse i blindtarmsvedhenget, akutt appendicitt, er ein tilstand som årleg råkar nær 5000 her i landet. Sjukdomen er ei av dei vanlegaste årsakene til akutte magesmerter. Pasientane kan vera i alle aldrar, men er oftast mellom 10 og 30 år gamle.
Sjukdomen tek typisk til med ein diffus verk kring navlen, etter kvart aukar smertene på og flyttar seg til nedre høgre del av buken. Kvalme, oppkast og feber kjem gjerne sigande over timar. Direkte trykk på magen forverrar smertene. Smertene høgg til når ein brått tek bort trykket mot magen. Den sjuke vil helst liggja i ro.
Men symptoma er ikkje sjeldan atypiske. Då treng me tilleggsundersøkingar som ultralyd og CT for å stadfesta eller avkrefta diagnosen. Bileta kan syna ein oppsvulma og irritert appendiks eller påvisa heilt andre sjukdomar. Presis diagnostikk gjer at me kan operera alle dei som verkeleg har betent appendiks – og færrast mogeleg av dei med bleik og frisk appendiks.
Vanleg behandling er akutt operasjon med fjerning av appendiks. Det kan gjerast på gamlemåten ved at kirurgen opnar buken til høgre nedom navlen, snørar av, klypper over og fjernar det betente blindtarmsvedhenget. Den beste metoden er likevel kikholskirurgi: Kirurgen fyller buken med CO2-gass og set deretter inn eit tynt røyr med kamera for å sjå inn på tarmane, og eit anna røyr til å gripa og ta ut appendiksen.
Kikholskirurgi eller gamaldags open kirurgi blir rekna som standardbehandling i dag. Likevel leitar forskarar stendig etter nye, dristige og kanskje endå betre måtar. Operasjon med kikholsteknikk gjennom magesekken eller gjennom vagina er blitt gjort, men utan at det har forbetra resultata. Antibiotika åleine kan vera ei mellombels løysing dersom kirurgi skulle vera utilgjengeleg.
Behandlingsresultata er vanlegvis svært gode. Risikoen for å døy etter inngrepet er tilnærma null dersom diagnostikk og behandling skjer med det same.
I fattige land, som til dømes Malawi, ser ein at pasientane ofte kjem altfor seint til sjukehus, gjerne etter ei vekes tid med sterke magesmerter. Det medfører at mange, over 5 prosent av dei innlagde, døyr av sjukdomen – pasientar som lett kunne ha vore berga om dei berre hadde fått operasjon i tide.
Truleg er det endå fleire som døyr – om me reknar med dei som aldri kjem fram til medisinsk behandling. Ubehandla vil sjukdomen vera dødeleg i over 50 prosent av tilfella – av di tarmveggen sprekk og det utviklar seg bukhinnebetennelse. Det var truleg den vanlegaste utgangen før me fekk den kirurgiske løysinga på 1880-talet.
Haldor Slettebø
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.