Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Nordmenn flest veit kva det er tale om. Mange har kjent det på kroppen. Fire av fem har smakt alkohol det siste året, ifylgje Folkehelseinstituttet (FHI). Blant alle smakarane har halvparten drukke meir enn seks einingar på éin kveld, til dømes ei flaske vin, minst éin gong det siste året.
Då har dei mest sannsynleg kjent ein tydeleg bakrus morgonen etter. Diagnosen er enkel. Har du vore på rangel og kjenner deg pjusk neste morgon, kan du rekna med at det er bakrusen som er på ferde. Nokre vil likevel prøva å bortforklåra det heile med finare diagnosar som «sinusitt», «migrene» eller «gastroenteritt».
Dårleg svevn
Dei mest kjende symptoma er at ein kjenner seg turr i munnen, påfallande trøytt og apatisk, irritabel, deppa, søv dårleg og har hovudverk. Om du i tillegg hugsar uklårt eller ikkje i det heile – og lurer på kva som eigentleg hende – tyder det på at du rett og slett har vore skikkeleg på fylla. Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null. Deretter tek det gjerne 8–24 timar før du er heilt i vater.
Kognitive testar etter ein middels rangel viser redusert merksemd, nedsett reaksjonsevne, tregare problemløysing og forståing. Det kan vara i mange timar, lenge etter at alkoholen er ute av blodet. Dårleg svevnkvalitet og lite svevn medverkar sterkt til dei dårlege prestasjonane. Då er det best å lata bilen stå endå nokre timar jamvel om promillen er null.
Kva skjer i kroppen?
Alkohol driv væske ut av kroppen ved å forstyrra hormonbalansen og auka urinproduksjonen. Kvalme og oppkast medverkar til væsketapet. Resultatet er at salt- og væskebalansen kjem i ulage, noko som påverkar funksjonen i nervecellene og i hjernen.
I drikkevarene finst det ikkje berre vanleg alkohol (etanol), men òg ørsmå mengder metanol. Etanolen fyrst, deretter metanolen blir omdanna til aldehyd i kroppen. Desse stoffa, særleg den aldehyden som kjem frå metanol, er mistenkte for å påføra oss bakrusen. Forsking viser nemleg at den drykken som inneheld relativt mykje metanol – mørkt brennevin og raudvin, særleg den aller dyraste – også gjev mest plager dagen derpå. Øl, kvitvin, vodka og gin gjev mindre bakrus, sidan dei har relativt lite metanol i seg.
«Bakrus er altså ein fylgjetilstand av akutt alkoholforgifting.»
Behandling
Bakrus er altså ein fylgjetilstand av akutt alkoholforgifting, ein ubalanse i kroppen forverra av ymse nedbrytingsprodukt frå drikkevarene. Då blir behandlinga fyrst og fremst å tilføra væske og næring for å erstatta det som manglar. Paracet kan hjelpa mot hovudverken. Dessutan trengst det frisk luft og ein del tolmod.
Det finst mange mystiske kurar som skal lindra plagene, vert det sagt – til dømes å pusta inn reint surstoff, eller å ta urtemedisin av asparges, kaktus, ginkgo biloba eller indiske stikkelsbær – men ingen av desse oppskriftene er betre enn narremedisin.
Korleis unngå bakrus?
Alkoholmengda er avgjerande. Drikk difor mindre alkohol neste gong, ta nokre slurkar vatn innimellom, eller prøv rett og slett litt alkoholfritt. Og sjå til at du får i deg tilstrekkeleg med næring under festen, ikkje berre drykk. Meir enn fire–fem glas vin på éin kveld kan som regel merkast neste dag. Difor kan det vera greitt å bremsa inntaket. Hugs kor ille det var den førre gongen, og kjenn etter: Vil du verkeleg at morgondagen skal bli eit langt og miserabelt kvileskjer?
Rett nok kan det ein sjeldan gong bli gode dikt av det, som «Etter ein rangel» – trur eg – av Jakob Sande. «Ved en diktergrav» av André Bjerke er òg skrive med stor grad av innleving. Han fortel om ein «bakrus over all forstand» i Roma og om korleis han prøvde å samla tankane bak Cestiuspyramiden. Der fann han iallfall eitt treffande rimord: «bakrus-invaliden».
Elles er det mest ulemper med bakrusen, iallfall om du gjer det til ein vane. Hugs berre kva Helsedirektoratet slo fast i haust: «Alkohol har ingen kjente gunstige effekter og er giftig for alle kroppens organer.» Og det er endå meir elende: Alkohol er ein viktig risikofaktor for ei lang rekkje sjukdomar, psykiske så vel som kroppslege. Mange valdsepisodar, mange sjølvmord og mange av dødsfalla i trafikken er alkoholrelaterte. FHI har estimert at kring 300.000 nordmenn har eit skadeleg drikkemønster. Tilhøyrande fråvær og dårlege arbeidsprestasjonar kostar norsk arbeidsliv store summar, kring 1 mrd. per år, ifylgje Akan.
Helsedirektoratet kjenner seg kanskje forplikta til å ha eit einsidig negativt syn på alkoholen. Eg meiner det er sneversynt å sjå bort frå at ein liten dose alkohol kan smaka godt og gjera oss glade og lettlynde, ja, meir venesæle – betra livskvaliteten vår, som det heiter i helsebyråkratiet. Og det er vel helsefremjande? Kunsten er å finna dosen som gjev mest livsglede og minst skade. Og her kan bakrusen hjelpa oss – til å drikka med større varsemd.
Haldor Slettebø
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.