Fisk kan vere nyfikne og kjenne att sitt eige spegelbilete, kreps kan bli stressa, humler liker å leike med små trekuler når dei ikkje har det travelt med å samle pollen, og kråker held fram med å imponere med sin høge intelligens.
Grensene for kva vi veit om kjensleliv og mental kapasitet hos dyr, blir stadig flytta.
Pattedyr og fuglar
Vi kan starte med våre næraste slektningar, pattedyra. Alle pattedyr har om lag same organisering av nervesystemet som oss menneske, med ein hjernebork delt inn i fleire lag som gjev plass til mange koplingar og høg prosessorkapasitet. Pattedyr søv og drøymer og har, så langt vi kan vurdere, mange av dei same grunnleggjande kjenslene, som sorg, redsle, sinne og glede.
Dei siste åra med forsking har også vist at sjølv om fuglar har hjerne i ein litt meir kompakt versjon enn pattedyra, er dei utstyrte med mange av dei same kvalitetane. Kråker kan til dømes bruke reiskapar, dei har eit godt minne og sterke sosiale band mellom individa, og mange har sett korleis kråker er smarte nok til å hente nøtter og skjel og leggje dei på asfalten for at bilane skal ta arbeidet med å knuse skala.
Det er openbert at nokon er heime i kråkeskolten, og slik ser det ut til å vere i heile fugleriket. Og vi har god grunn til å tru at både kråker, grisar og elefantar veit at dei finst, og at dei er subjektiv hovudperson i sitt eige liv.
Eit overraskande funn: Humler kan kome i godt humør av å leike med trekuler.
Foto: Bernie Kohl / Wikimedia Commons
Medvit i havet
Men det stoppar ikkje der. Fisk har også kome inn på lista over gode medvitskandidatar. Fiskens vesle hjerne har ikkje nokon hjernebork, men spesialiserte område huser likevel mange av dei same funksjonane. Det er godt dokumentert, mellom anna av den norske forskaren Janicke Nordgreen, at fisk har evne til å oppleve smerte.
Fisk har eit autonomt nervesystem som blir aktivert ved stress, på liknande måte som det vi ser hos virveldyr på land. Og ikkje minst: Fisk har godt nok minne og analytisk kapasitet til å kunne bruke ubehagelege eller smertefulle erfaringar til å endre framtidig åtferd, noko forskarane meiner er ein klar indikasjon på medvit.
«Både kråker, grisar og elefantar veit at dei finst, og at dei er subjektiv hovudperson i sitt eige liv.»
Viss det er vanskeleg å tru på at fisk er medvetne medskapningar, blir det ikkje lettare med krepsdyr. Den irske biologen Roger Elwood har forska på krabber og eremittkreps i mange år og funne ei rekkje døme på at krepsdyra som opplever stress eller smerte, kan endre åtferda, på same viset som det vi finn hos fisk og andre virveldyr. Slik læring tyder på at dei også har evne til å lagre minne, sjølv om dei har eit ganske enkelt oppbygd nervesystem utan ein sentralisert hjerne.
Ei anna dyregruppe som har fått mykje merksemd dei siste åra, er blekksprutane, merkelege dyr som ser ut til å kunne improvisere og løyse mange krevjande utfordringar. Å få vite noko om kva som går føre seg i hovudet til ein blekksprut, er ikkje så lett, blant anna fordi blekksprutar har kombinert ein sentral hjerne med åtte mindre hjernar, ein i kvar arm.
Ein blekksprut som går ein fredeleg tur på botnen, kan la hovudhjernen slappe av og dagdrøyme litt medan kvar arm driv uforstyrra på med sitt. Men om det dukkar opp ein hai i nærleiken eller det er tid for å skaffe seg mat, kan hovudhjernen heldigvis innkalle alle armane til felles og koordinert teneste.
Det ser ut til at blekksprutane har utvikla sansar og ein intelligens på same nivå som det vi ser hos virveldyr på land. Men sidan dei er blautdyr som er meir i slekt med blåskjel enn med menneske, må det ha skjedd som ein heilt uavhengig evolusjon der nede i djupet, lenge etter at blautdyra og virveldyra skilde lag i utviklingshistoria.
Leikne humler
Insekta kan også by på overraskingar. Eit artig forsøk blei publisert i 2022, der humler fekk høve til å trille rundt på små trekuler. Humlene blei raskt interesserte i dette, dei gjorde det tilsynelatande friviljug, trilla mest ball medan dei var utkvilte, og dei såg ut til å like å trille på stadig nye måtar.
Dei yngste var (naturleg nok) mest aktive, og hannhumler var (pussig nok) meir interesserte i å trille ball enn hoene, som når dei vart eldre, brukte stadig meir tid på å finne mat. Det å trille på ballar såg rett og slett ut til å vere noko humlene likte, og måten dei gjorde det på, likna også mykje på korleis andre dyreartar oppfører seg under leik.
Ei stor gruppe forskarar frå heile verda møttest nyleg i New York for å gå gjennom det som finst av ny forsking på sansing og medvit hos dyr. I slutterklæringa frå konferansen vart kunnskapen om dyr og medvit oppsummert i to korte punkt. For det første har vi god vitskapleg grunn til å tru at pattedyr og fuglar har ei medveten oppleving av seg sjølv og verda kring seg. For det andre får vi stadig fleire prov for å tru at det finst ein eller annan type medvit hos alle typar virveldyr og til og med nokre virvellause dyr, som blekksprutar, tifotkreps og insekt.
Konklusjonen til forskarane var at vi menneske har eit stort ansvar for å nytte denne kunnskapen, og dei oppmodar alle om å aktivt gjere det vi kan for å hindre unødig liding og å gje dyr gode liv.
Arve Nilsen