Ein fangstnasjon i forfall

Laurdag 1. april gjekk startskotet for årets sel- og kvalfangst. Medan statsministeren og finansministeren streva med å skaffe støttespelarar til den nye lakseskatten, tok fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran ansvaret for å auke kvoten på vågekval med 83 dyr til ein totalkvote på 1000 dyr.

Skotet gjekk. Olav Husa på kvalfangstskuta «Olavson» fekk inn eit reint treff i bringa på vågekvalen ein gong i 2017.

Kunnskap

Publisert

Nærings- og fiskeridepartementet sende også ut ei pressemelding der dei slo fast at kvalkjøt er sunn og kortreist mat, og at norsk kvalfangst er eit lite, men viktig bidrag til å nå FNs mål om betre berekraft.

I meldinga vert det vist til at vi har meir enn 100.000 vågekval i norske farvatn, at kvotane er delte ut i samråd med vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangskommisjonen (IWC), og at moderne kvalfangst har høg standard for fangstmetodar og dyrevelferd. Det er òg regjeringa sitt syn at kvalane et store mengder fisk som kunne ha vore mat for menneske og andre artar i havet, og at kvalfangst er med på å sikre balansen i dei marine økosystema.

Men kva er stoda for Noreg som fangstnasjon i nord?

Kultur eller umoral

Her i landet vekkjer kvalfangst og selfangst i alle høve sterke kjensler. Mange ser denne fangsten som symbol på ein kultur tufta på hausting av mat frå naturen. Andre meiner at selane er for søte til at vi kan drepe dei på denne måten, og at kvalfangst er umoralsk fordi kvalane har ein mykje betre intellektuell og emosjonell kapasitet enn alle andre pattedyr. Og framleis er tida med industriell fangst og nærast utrydding av storkval i Sørishavet ein skamplett for dei nasjonane som var innblanda, inkludert Noreg.

For vågekvalane er situasjonen langt frå kritisk. Dei siste tala frå IWC syner at det no finst om lag 150.000 dyr, og dagens avgrensa fangst av vågekval har ingen negative konsekvensar for bestanden. Dyrevelferda ved dagens fangst av småkval ser òg ut til å vere god, skal vi tru innhaldet i ein rapport Dyrehelsetilsynet (no Mattilsynet) fekk laga i 2004. Moderne kvalfangst kan vise til kort avlivingstid (kort TTD = tid til død) og lite skadeskyting (høg IDR = instantaneous death rate), og rapporten vurderer dyrevelferda ved avliving av kval som god.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement