Kunnskap
Hubro-hoa ropar
Ho syng åleine! Det er utradisjonelt, og det forvirrar fleire enn meg.
Teikning: Naid Mubalegh
Byrjinga av februar. Snøen ligg djup mange stader i Søraust-Noreg, og temperaturen er igjen nede i tosifra kuldegradar. Ein kveld får eg ei melding, ein einsleg lydsnutt på tolv sekundar. Han byrjar med ei fresing, høyrest ut som rennande vatn, men det er så kaldt - det er mest sannsynleg suset frå ein motorveg. Og plutseleg eit «hu-ho», og nokre sekundar seinare igjen «hu-ho». Uglerop, ytra og tatt opp ein dryg time etter solnedgang.
Ei stund seinare spør avsendaren, ein ornitolog, i ei ny melding: «Kjenner du att fuglen?» Etter eit grundig søk i den nye lydbibelen til feltornitologane, den britiske nettstaden The Sound Approach, blir det nokolunde klart at dette må vere ei hoe av hubro. Ho syng åleine! Det er utradisjonelt, og det forvirrar fleire enn meg.
Den typiske hubro-songen, slik ein kan finne han på nettet, høyre han på Naturhistorisk museum i Oslo eller lese om han i Mikkjel Fønhus’ roman Hubroen roper, er songen til hannen: «Hu! [sier] det, mørkt, morskt, nesten truende; det hør[es] skinnbarlig som rop fra et menneske.» Røysta til hoa er lysare, og songen tydelegare todelt.
På Austlandet og i innlandet i Noreg er hubroane blitt færre. Det er langs kysten frå Rogaland til Nordland at dei største bestandane i Noreg hekkar i dag. Trass i at individa er store, er dei ikkje lette å kartleggje. Den største og tyngste ugla i Europa er også strengt nattaktiv og kan vere sparsam med ropa, særleg når tettleiken av hekkande par er låg. I resten av verda bur det hubroar frå Portugal i vest til Japan i aust, gjennom Midtausten, Sentral-Asia og Kina.
I Noreg har arten vore freda sidan 1971, og bestanden i dag er på mellom 900 og 1360 individ. Det er kritisk lite. Arten blir rekna som sterkt trua i Noreg. Trass i fredinga lir hubroen under øydelegging av habitat, auka bruk av pesticid og møte med høgspentmaster.
Med eit vengespenn på 180 cm kan det vere vanskeleg for hubroen å unngå dei straumførande delane når han lettar frå ei mast. Straumoverslag tel blant dei fremste dødsårsakene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.