«I England var det lenge ei vanleg folketru at piggsvin sneik seg inn i fjøset om natta og stal egg og mjølk, medan prestane meinte piggsvin kunne vere hekser i dyreham.»
Det kan vere både triveleg og nyttig å ha piggsvin i hagen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Er du ein av dei heldige som har piggsvin i hagen? Piggsvin er fredelege og tilpassingsdyktige dyr som ser ut til å finne seg godt til rette i selskap med menneske. For ein hageeigar gjer dei god nytte for seg ved å ete sniglar og insekt, og piggsvin krev lite anna enn ein fredeleg plass der dei kan fôre fram ungane sine og gå i vinterdvale. Men det blir stadig færre piggsvin, både i Noreg og i resten av Europa. Kvifor er det slik, og kva kan vi gjere med det?
Forfedrane til piggsvina var blant dei små pattedyra som stod klare til å overta scenen då dinosaurtida gjekk mot slutten for om lag 70 millionar år sidan. I dag finn vi til saman 17 artar, spreidde rundt om i Europa, Afrika og Asia. Piggsvin er nattaktive rovdyr, og dei er ikkje i slekt med trepiggsvin og holepiggsvin, som alle er gnagarar.
Overtru
Piggsvin har alltid fascinert menneska og stimulert fantasien vår. I den zoroastriske religionen i det gamle Persia hadde piggsvinet ein særleg heilag posisjon, for ved å ete insekt, slangar og øgler stod dei på menneska si side i kampen mot djevelen (som på persisk vart kalla Beelzebub, herren over flugene).
I England var det lenge ei vanleg folketru at piggsvin sneik seg inn i fjøset om natta og stal egg og mjølk, medan prestane meinte piggsvin kunne vere hekser i dyreham. Parlamentet lova i 1566 ut skotpremie på piggsvin, kyrkja hadde naturlegvis også ein kampanje mot dei ukristelege udyra. Frå denne overtrua er det kanskje vi har tradisjonen med å setje ut mjølk til piggsvina i hagen. For hagegjestane er dette ein helseskadeleg og i verste fall livsfarleg praksis. Vaksne piggsvin er rovdyr utan evne til å fordøye laktose, og dei kan få alvorleg diaré av å drikke den velmeinte mjølkeskvetten.
Vaksne piggsvin er rovdyr utan evne til å fordøye laktose, og dei kan få alvorleg diaré av å drikke den velmeinte mjølkeskvetten, skriv Arve Nilsen.
Foto: Tero Laakso
Mange tusen år
I Noreg har det levd piggsvin i mange tusen år. Dei trivst best i mildt kystklima, og naturlege bestandar har vi opp til Trøndelag, men folk har teke med seg dyr vidare nordover, og piggsvin er blitt vanleg på fleire øyar i Nord-Trøndelag og på helgelandskysten.
«Mange elles friske piggsvin er berarar av bakteriesjukdommen salmonella, som kan smitte vidare til menneske.»
Piggsvin er rett nok trivelege dyr, men folk burde vere varsame med å flytte dei til nye stader der dei kan kome til å gjere meir skade enn gagn. Slik har det vore på New Zealand, der importerte piggsvin trugar fleire typar insekt, sniglar og bakkehekkande fuglar. Det same problemet med piggsvin som tek fugleegg, har dei hatt på Hebridane i Skottland.
Det er òg viktig å vere klar over at mange elles friske piggsvin er berarar av bakteriesjukdommen salmonella, som kan smitte vidare til menneske. Difor er det viktig å vere nøye med hygienen når du handterer eit piggsvin, levande eller daudt, eller når du gjer hagearbeid på dei stadene piggsvina bruker å halde til.
Effektivt vern
På ryggen har piggsvina erstatta pelsen med om lag 6000 hole piggar laga av keratin, det same proteinet som finst i vanleg hår (og hud, negler og fjør). Huda på ryggen er litt ekstra romsleg og har sterke musklar som gjer at piggsvin som krøllar seg saman, kan trekkje den piggete rygghuda rundt seg til vern mot rovdyr. Ungane blir heldigvis (for mora) fødde med små skinnposar over piggane, men treng ikkje mange levedagane før dei òg kan rulle seg saman med piggane ut.
Eit piggsvin har rulla seg saman.
Foto: Gyda Nesje / Scanpix / NTB
Alle dei stive piggane er eit ganske effektivt vern, i alle fall mot naturlege fiendar. Piggsvin er tøffingar som er delvis immune mot slangegift, og dei går gjerne på hoggormjakt. I tillegg er dei overraskande rørlege, ein hann kan tasse av garde fleire kilometer på ei natt for å finne seg ein høveleg make. Piggsvin kan symje og klatre, og i dei mest ekstreme tilfella er det observert frittgåande piggsvin langt opp i Alpane.
Før jakta folk på piggsvin, anten som mat eller fordi piggsvin vart rekna som farlege dyr, no er dei freda. Så vi kjem attende til spørsmålet: Kvifor blir det stadig færre piggsvin?
«Piggsvin er tøffingar som er delvis immune mot slangegift, og dei går gjerne på hoggormjakt.»
Antropocen
Svaret er det same som for så mange andre dyreartar i tida vi er inne i: stadig større menneskelege inngrep i naturen, truleg i kombinasjon med klimaendringar og større lokale variasjonar i nedbør og temperatur. Sjølv om piggsvin kan bli minst 15 år gamle, er vanleg levetid mykje kortare enn det. Piggsvin får i snitt fire til fem ungar kvar vår, men berre éin av fem overlever den første vinteren, og svolt er truleg den viktigaste dødsårsaka, med biltrafikk som ein god nummer to. Dei stadig meir populære robotgrasklipparane tek truleg også livet av mange piggsvinungar.
«Svolt er ei naturleg dødsårsak for ville dyr, og for piggsvina er vinterdvalen den mest sårbare tida.»
Eit varmare klima kan føre til at piggsvin kan finne seg til rette lenger nordover og lenger opp i fjellet enn tidlegare. Men det vi no ser av endringar i klimaet, kan vere med på å gjere livet vanskelegare for piggsvina, som er blant dei få pattedyra som går i vinterdvale, med kroppstemperatur nesten ned mot frysepunktet og berre nokre få hjarteslag i minuttet.
Vinterdvale og svolt
Svolt er ei naturleg dødsårsak for ville dyr, og for piggsvina er vinterdvalen den mest sårbare tida. Eit lite piggsvin bør ha nådd ei kroppsvekt på minst 400 gram, helst meir, før dei går i dvale. Etter ein varm og tørr sommar kan ungane få problem med å feite seg nok opp før hausten kjem, og i verste fall kan heile årskull svelte i hel.
Nato hadde piggsvinet som idol for avskrekkingsstrategien under den kalde krigen.
Foto: Nato
Ustelte hagar er bra for dyreliv
Folketal og klima er ikkje noko som lèt seg løyse på kort sikt, men for at ville dyr som piggsvin skal overleve i nærleiken av menneske, er det viktig at vi ikkje striglar og forgiftar all naturen kring oss til steril monokultur. Dammar, bekkefar, kratt og litt ustelte delar av hagane våre er bra for all slags dyreliv, også for piggsvina.
I eit variert og naturleg miljø vil dei små altetande rovdyra finne nok mat. Tørrfôr til katt kan vere god tilleggsfôring, men det er like viktig å sikre tilgang til friskt vatn, slik som å ha ein liten dam eller setje ut skåler med vatn. I hagen bør det vere eit freda hjørne der graset får gro, og ein kan samle saman haugar med lauv som piggsvinet kan grave seg ned i. Eit heimesnikra hus til vinterdvalen, fylt med tørr halm vil nok også alle piggsvin bli glade for.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø