Landeplage
Mange har hatt lyst til å bruke miltbrannsporar i biologisk krigføring.
Miltbrann hos menneske syner seg oftast som sår og byllar i huda.
Foto: Donald Hunter / Wellcome Library, London / Wikimedia Commons
Dyrisk
I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.

I Andre Mosebok kan vi lese om dei ti landeplagene som Gud skulle kaste over Egypt fordi faraoen ikkje lét israelittane dra frå landet. Vatnet i Nilen skulle bli til blod, dei førstefødde guteborna skulle døy, og alle slags skadedyr skulle ete avlingane.
Husdyra skulle heller ikkje sleppe unna, hestar, esel, kamelar, storfe og småfe skulle døy av pest og byllar skulle bryte ut på folk og dyr. Det Jahve truga med, var mest sannsynleg miltbrann, ein bakteriesjukdom som kan slå ned på både menneske, hestedyr og klauvdyr, og som heilt frå antikkens dagar har vore ei sann landeplage, ikkje berre i Egypt.
Brå daud
Miltbrannbakterien (Bacillus anthracis) kan berre formeire seg inne i levande dyr (inkludert menneske) og er i seg sjølv ikkje særleg hardfør eller smittsam. Blodsugande insekt kan spreie sjukdom frå dyr til dyr, men den farlegaste smitten skjer med sporar som blir danna når bakterien kjem i kontakt med luft. Sporane er ei godt innpakka kvileform av bakterien som kan overleve i miljøet i opptil hundre år, og smitte kan finnast nær sagt overalt, i gras, jord, vatn, kjøt, skinn og ull.
Husdyr blir som regel smitta ute på eit beite der andre dyr har døydd av miltbrann eller ved at dei får fôr med bakteriesporar. Frå tarmkanalen kjem sporane seg inn i kroppen, der dei vaknar til liv og dannar giftstoff (toksin) som angrip blant anna cellene i hjartet, blodkar og lever.
I dei mest akutte tilfella døyr dyra brått etter berre to til tre dagar, og dei blir funne som slappe, oppblåste kadaver, med ukoagulert blod rennande ut frå nase, auge, munn og endetarm. Sjukdommen kan òg trekke meir ut i tid, med høg feber, kraftig diaré eller væskesamling og byllar under huda. I den tidlege fasen av sjukdommen kan antibiotika, som penicillin, vere ei effektiv behandling.
Miltbrann er, naturleg nok, rekna som ein svært alvorleg og meldepliktig sjukdom. Ved mistanke om miltbrann skal daude dyr ikkje obduserast eller gravast ned fordi eit utal av sporar då vil bli spreidde i miljøet, og på gamle gravplassar vil denne smitten leve og vere farleg i generasjonar. Den sikraste metoden for å drepe sporane er å brenne kadaveret og helst også jorda der dyret blei funne, og i tillegg å gjere ein grundig desinfeksjon av alle omgivnadene, klede og utstyr som har vore i kontakt med smitten.
Fordi dei heldt israelittane fanga, vart egyptarane straffa med miltbrann, ein pest som ramma både dyr og menneske.
Illustrasjon frå samlinga til Kaiserliche Franziskische Akademie, 1775-1779
Heile verda
Med husdyr og landbruksprodukt blei miltbrann spreidd kloden rundt. Folk som jobba på spinneri i England, pusta inn miltbrann frå importert ull og blei sjuke. Kyr i Bergen blei på starten av 1900-talet fôra med smitta korn frå svartehavsområdet og ramla daude om på båsen. Reinsdyr døyr på tundraen i Sibir, og i elvane i fleire afrikanske land kan det i periodar flyte daude flodhestar fulle av miltbrannbakteriar.
Rask diagnostikk og brenning av mistenkte kadaver, kontroll med flytting av dyr og målretta vaksinering har gjort miltbrann til eit sporadisk problem i dei rikaste landa, som i Vest-Europa og Nord-Amerika. Eit godt døme på det er utviklinga her i Noreg.
Miltbrann kom truleg hit for fleire hundre år sidan, men sikre diagnosar fekk vi ikkje før samanhengen mellom bakteriane og sjukdom blei oppdaga på slutten av 1800-talet. I toppåret 1906 blei det registrert 686 tilfelle. Det siste store utbrotet skjedde i Vestfold og Buskerud sommaren 1937, og det siste kjente tilfellet på husdyr var i 1993.
I Sør- og Aust-Europa står det dårlegare til, og mange stader i Afrika, Asia og Sør-Amerika er miltbrann framleis ei svært alvorleg og diverre ofte undervurdert plage for både folk og dyr.
Terror
Hos menneske som kjem i direkte kontakt med bakteriesporar, er det mest vanleg med utslett og svarte byllar i huda. Dette er både ekkelt og ubehageleg, men utviklar seg sjeldan til meir alvorleg sjukdom. Men miltbrann kan vere dødeleg for menneske som får smitten inn i kroppen ved å puste inn sporar eller ete kjøt frå sjuke dyr.
Heroin forureina med bakteriesporar har òg ført til fleire dødsfall hos rusmisbrukarar. Ved akutt miltbrann hos menneske kan det vere mogleg å berge livet, men då må behandlinga starte i den tidlege fasen, før bakteriar og giftstoff har spreidd seg i kroppen.
Det bør også nemnast at mange har hatt lyst til å bruke miltbrannsporar i biologisk krigføring, noko som har blitt testa ut av både statlege forskingslaboratorium og private terrorgrupper. I 1979 døydde 68 menneske etter ein lekkasje frå eit militært laboratorium i Sovjetunionen. Og mange hugsar sikkert terroraksjonen i USA i 2001, der brev med miltbrannsporar blei sende til mediehus og offentlege kontor over heile landet. Fem menneske døydde av å puste inn sporar, 17 andre blei sjuke, og 32.000 fekk førebyggjande antibiotikabehandling etter å ha vore i nærleiken av terrorbreva.
Nytt liv
I høgfjell og nordområde med permafrost der sporar har vore frosne i lang tid, kan varmare klima med opptining og utvasking av jord føre til nytt liv for den gamle landeplaga. Kva som skjuler seg i den frosne jorda som no tiner i Jotunheimen og andre stader i Noreg, veit vi ikkje sikkert, men eit særleg dramatisk døme har vi frå Jamalhalvøya i Sibir.
Ute på den sibirske tundraen døydde over ein million reinsdyr av miltbrann på byrjinga av 1900-talet. Etter massedauden blei det sett i gang vaksinering av reinsdyrflokkane, og med det fekk dei kontroll med sjukdommen. Fleire tiår seinare, etter analyse av 200.000 jordprøvar utan å finne miltbrannsporar, blei vaksineringa avslutta i 2007. Men så endra klimaet seg. Fleire varme somrar tinte den frosne jorda, sporar som hadde vore fanga djupt nede i telen, slapp no laus, og sommaren 2016 døydde over 2000 reinsdyr. Folk blei òg sjuke. Meir enn 90 personar måtte til sjukehus for å få behandling, og minst ein av dei døydde.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.