JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Lusealarm i nord: Temperaturen i havet stig, og lakseparasittane veks fortare enn nokon gong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I haust har det vore rekordmykje lakselus i Nord-Noreg, og mange anlegg har ikkje klart å halde seg under lusegrensene, trass i hyppige behandlingar.

Foto: Marit Hommedal / NTB

5539
20241018
5539
20241018

I august varsla meteorologane om ei marin hetebølgje i Barentshavet med temperaturar på fire til fem grader over normalen. Dei høge temperaturane har halde seg utover hausten, og no er det kritisk høge lusetal i mange oppdrettsanlegg i Nord-Noreg.

Mange har nok gleda seg over den varme sommaren med tropenetter og fine badetemperaturar, men både for miljøet i havet og for dei som driv med fiskeoppdrett, kan denne sommaren og hausten bli eit alvorleg vendepunkt. I ein rapport frå Havforskingsinstituttet har dei rekna ut at i oppdrettsanlegga frå Andøya til Mehamn vart det i dei verste dagane i september klekt over 160 millionar nye luselarvar kvar time.

Om vi la alle desse små larvane hovud mot hale i ei lang rekkje og starta på Andøya, hadde det berre teke tre dagar før vi fekk nok luselarvar til å lage ei samanhangande luselenkje heilt til Mehamn.

Varmt vatn og mykje lus langs store delar av kysten i 2024. Illustrasjonen frå Havforskingsinstituttet viser situasjonen i produksjonsområde 11 (Kvaløya til Loppa).

Meir fisk

Lus har vore eit problem heilt sidan starten av oppdrettsnæringa på 1970-talet. Bruk av legemiddel, anten som fôr eller som bademiddel, var lenge den mest effektive metoden. Men med stadig meir fisk i merdar langs kysten blei det òg meir lus og fleire behandlingar, og til slutt gjekk det som det måtte, lusa utvikla resistens mot mirakelmedisinane.

Litt legemiddel blir framleis bruka, særleg på den minste fisken, men no er det for det meste naudsynt med andre metodar, som spyling eller bading i varmvatn. Rognkjeks og annan reinsefisk har vore sett på som ein betre og meir biologisk metode, men har diverre fått eit stadig dårlegare omdømme på grunn av høge dødstal og dårleg velferd for dei små luseetarane.

Til no har dei nordlegaste delane av landet vore rekna som frie for luseplaga og eit freistande område for ny vekst i laksenæringa. På dei tjue åra frå 2003 til 2023 auka talet på oppdrettsfisk i Nord-Noreg frå 68 millionar til 224 millionar, ein vekst nesten tre gonger større enn i resten av landet. Medan dei siste åra med raude lys i trafikklysordninga har stogga veksten heilt på Vestlandet, har det blitt stadig fleire og større anlegg i nord, og med stadig meir laks i sjøen og bratt sigande temperaturar i havet er det duka til fest for lakselusa.

Meir lus

Lakselus er små krepsdyr som lever størsteparten av livet på huda til laks og aure. Ei holus kan leggje fleire tusen egg, larvane som blir klekte, driv med straumen og utviklar seg vidare til dei er store nok til å setje seg fast på ein vert. I denne pelagiske delen av luselivet kan lusesmitten spreie seg mange kilometer med havstraumane.

Temperatur er ein svært viktig faktor for livet i havet, der dei fleste organismane ikkje produserer eigen kroppsvarme, men har same indre temperatur som vatnet rundt. Med årets varmerekord er det blitt produsert åtte gonger fleire lus enn i 2023. Ved 12 grader, den historisk vanlege sommartemperaturen i nord, tek det tre til fire veker frå klekking til lusa blir vaksen, ved 16 grader går det ei veke raskare. Frå luselarvane slår seg ned på fisken, til dei er kjønnsmogne, tek det mindre enn to veker.

Men kan det bli for varmt også for lusa? Mange av behandlingane i dag skjer jo nettopp med bruk av lunka vatn med temperatur i overkant av 30 grader. I laboratorieforsøk ved lusesenteret i Bergen testa dei dette, og der fann dei at lusa formeirar seg godt i opptil 21 grader, men har dårleg suksess når temperaturen stig til 24 grader.

Men det er ei fattig trøyst, for i så varmt vatn vil heller ikkje fisken klare seg. Lusa har utvikla seg i naturen saman med vill laks og aure, og det er kanskje ikkje overraskande at ho trivst godt ved dei same temperaturane som laksen.

Laks i merd.

Laks i merd.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix / NTB

Uviss framtid

Så no kokar det i havet på fleire vis, der brønnbåtar og luselekterar går døgeret rundt med spyling og varme bad for å halde lusetala nede. Men i haust har det ikkje vore lett å halde seg på rett side av lusegrensene. I tillegg kan vanlege sjukdomsproblem som gjelleskadar, hjartesjukdommar og sår gjere det uforsvarleg å behandle fisken fleire gonger. I dei anlegga som er hardast råka, kan siste utveg for å bli kvitt lusa vere å slakte ut fisken for ikkje å skade eller drepe meir fisk med endå ei behandling.

Det blir for mange anlegg og for hyppige behandlingar til at folk og utstyr klarar å ta unna, fleire anlegg ser ut til å ha heilt mista kontrollen. På den opne nettstaden Barentswatch ligg alle registrerte tal om lus og behandlingar. Gjer du nokre raske søk der, vil du fort sjå korleis problema har hopa seg opp dei siste vekene, med rekordmange anlegg som ligg over lusegrensa på 0,5 vaksne holus per fisk. På ein lokalitet i Troms hadde dei 9 vaksne holus på kvar fisk i veke 40, trass i fleire behandlingar tett på kvarandre. På eit anna anlegg aust for Hammerfest talde dei 50 lus (av alle storleikar) på kvar fisk i byrjinga av september.

Vi veit ikkje korleis denne situasjonen vil utvikle seg vidare, men i tillegg til problema i oppdrettsanlegga er det grunn til å vere uroa for kva som vil skje med vill laksefisk når det blir så tett med lus i sjøen. Særleg sårbar er kanskje sjøauren som held til langs kysten rett i nærleiken av oppdrettsanlegga og difor får meir smitte enn laksen, som vandrar ut i havet for å ete seg feit.

Utfordringane vil heller ikkje forsvinne i løpet av vinteren. Havforskarar meiner Barentshavet og den nordlege delen av Norskehavet kan vere ein av dei stadene som vil bli hardast råka av oppvarminga, og at vi kan vente fleire skadelege kaskadeeffektar i dei marine økosystema.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis